
For å få betre rutinar rundt privatisteksamen skipa eksamenskontoret i Hordaland til kurs for 100 eksamensvakter i fylkeshuset i Bergen. (alle foto: Bjarte Brask Eriksen)
Nedgang vart oppgang
– Vi trudde at vi ville få ein nedgang i tal privatisteksamenar ved overgangen frå reform-94 til kunnskapsløftet. I vår avvikla vi den siste eksamen etter reform-94 og no blir alle eksamenar avvikla etter kunnskapsløftet, men auken ser berre ut til å halde fram. Vi har 400 fleire kandidatar i haust enn i fjor haust, seier Galtung.
Kan betre karakteren
Ei årsak til auken meiner Galtung kan kome av at elevane i den vidaregåande skulen har høve til å ta eksamenar på nytt, og betre karakteren og få den på førstegongsvitnemålet når dei går ut av den vidaregåande skulen.
Største fylke på fagprøve
1200 av dei 4100 kandidatane som skal ta privatisteksamen i haust, er kandidatar som skal ta skriftleg eksamen i samband med fagprøva.
– Vi er det største fylket i landet med slike kandidatar. I vår hadde vi 1800 kandidatar. Med 3000 kandidatar årleg er vi meir enn dobbelt så stor som Oslo. Ei årsak til dette kan vere at fagprøve er eit krav for å jobbe i Nordsjøen.
Praksiskandidatar
Galtung seier at mange som skal ta fagprøva er såkalla praksiskandidatar. Dette er vaksne i jobb som inngår avtale med arbeidsgjevar om å ta fagbrev. Dette kan vere bygningsarbeidarar, helsefagarbeidarar, barne- og ungdomsarbeidarar eller stillasbyggarar.
Kjempeviktig jobb
For å få betre rutinar rundt eksamen, skipa eksamenskontoret til kurs for 100 eksamensvakter 14. oktober i fylkeshuset.
– Det er viktig å skulere eksamensvaktene. Dei gjer ein kjempeviktig jobb for oss i eksamenslokalet. Kandidatane skal ha ro og orden under eksamen, og vaktene skal administrere eksamensbesvarelsene og kontrollere at alt går rett for seg.
Rutinehefte
I tillegg til å kurse eksamensvaktene har eksamenskontoret laga eit rutinehefte for eksamensvaktene. Munnleg eksamen startar i byrjinga av november, og i midten av november er det klart for skriftleg eksamen. Privatisteksamen blir skipa til i Bergen, Voss, Stord, Kvinnherad, Norheimsund og Odda.
150 vakter på jobb
Henning Galtung seier at dei på dei største dagane har 150 eksamensvakter i jobb over heile fylket.
– Til våren har vi behov for fleire, seier Galtung.

Kurset for eksamensvaktene vart gjennomført av fire tilsette ved eksamenskontoret i Hordaland: Gudrun Boveland (f.v), Evy Pedersen, Svanhild Drøsdal (med mikrofon) og May Eidsnes.