Hordaland best på elektronisk privatisteksamen

– Eg fall veldig for denne løysinga. Den er smart, og det går ikkje an å gjere feil, seier Janne B. Sørensen, leiar av Eksamenskontoret i Akershus om opplegget Hordaland fylkeskommune har for elektronisk privatisteksamen.

Tilsette ved eksamenskontoret i Akershus har sett på systemet Hordaland fylkeskommune har for privatisteksamen: Knut Gabrielsen (f.v.), Evy Pedersen, Silja Holbæk-Hanssen, May Eidsnes, Margit B. Iversen, Jan-Ivar Braathen, Gudrun Boveland, Janne B. Sørensen (leiar av eksamenskontoret i Akershus), Bente Gimmestad og Henning Galtung (leiar av eksamenskontoret i Hordaland).
Tilsette ved eksamenskontoret i Akershus har sett på systemet Hordaland fylkeskommune har for privatisteksamen: Knut Gabrielsen (f.v.), Evy Pedersen, Silja Holbæk-Hanssen, May Eidsnes, Margit B. Iversen, Jan-Ivar Braathen, Gudrun Boveland, Janne B. Sørensen (leiar av eksamenskontoret i Akershus), Bente Gimmestad og Henning Galtung (leiar av eksamenskontoret i Hordaland). (foto: Bjarte Brask Eriksen)

Utvikling
Over dei siste to-tre åra har Eksamenskontoret til Hordaland fylkeskommune utvikla eit system der privatistar kan levere eksamen på eigen PC. Utviklinga har skjedd i samarbeid med leverandøren Atea.

Einaste i landet
– Hordaland fylkeskommune er einaste fylke i landet der privatistelevane kan levere eksamen elektronisk via eigen PC. Løysinga til Hordaland fylkeskommune er smidig og ivaretek tryggleik. Eg vil tilrå at vi satsar på denne løysinga når eg kjem tilbake, seier leiar av Eksamenskontoret i Akershus fylkeskommune, Janne B. Sørensen.

Ide
Leiar av eksamenkontoret i Hordaland fylkeskommune, Henning Galtung, fortel at ideen til at privatistar skulle levere eksamen via PC, kom då elev-PC vart innført i den vidaregåande skulen i Hordaland for snart tre år sidan.

Forbetringar
– PC og trådlaust nettverk er blitt vanleg, og vi har brukt to-tre år på å utvikle dette. Privatistane bruker sin eigen pc ved eksamen. Dei får tilgang til trådlaust nett, hentar eksamensoppgåvene på nettet og leverer elektronisk på nettet. Leverandøren vår, Atea, overvaker trafikken for å kunne avsløre juks. Løysinga er stadig blitt utvikla og forbetra. No får vi ei betre løysing for å ta utskrift ved lokalt gitt eksamen, og startsida som privatistar får opp, er nyutvikla for at den skal bli fin og enkel, heilt utan unødvendig informasjon, seier Galtung.

Mål
Utdanningsdirektoratet har som mål at all privatisteksamen skal vere elektronisk frå 2012. Galtung opplyser at i Hordaland leverte over halvparten av privatistane til eksamen i norsk i fjor haust digitalt.

Testa tre ulike system
Tilsette ved eksamenskontora i landet møtest til konferanse to gonger i året, og Janne B. Sørensen fortel at der har Galtung snakka varmt om dette systemet.
– Vi har testa ut tre ulike system, men Hordaland sitt skil seg ut. Utdanningsdirektoratet er nøgd med løysinga til Hordaland fylkeskommune, seier leiar av Eksamenskontoret i Akershus, Janne B. Sørensen.

Bjarte Brask Eriksen 28.10.2010 15:45
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart