
Høgt til vêrs og i lause lufta heng Arne Romtveit frå Rauland. Han er elev på arboristutdanninga på Hjeltnes og skal til topps for å tyne ut ei trekrone i Prestegardsalleen attmed Vangvatnet på Voss. For å kome seg opp, har han hjelp av ein fotlås og tauet.
- Det var ikkje vanskeleg å fylle alle dei tolv plassane då vi starta 20. september, fortel instruktør og lærar Harry Dijkstra frå Amsterdam. I heimlandet hans er arborist eit utbreidd fag. No har det fått feste også i Noreg ved god hjelp av Norsk Trepleieforum saman med fylkeskommunen og arrangøren Hjeltnes vidaragåande skule.
Toårig deltidsstudium
Sjølv er Dijkstra utdanna landskapsarkitekt og anleggsgartnar. Anleggsgartnarar er også dei fleste av elevane på det toårige deltidsstudiet, som lenge har vore etterspurd i fagmiljøet. - Det er berre rett og rimeleg, for næringa treng folk. Det er altfor få som har peiling på tre, seier Dijkstra.

Trolsk stemning i trekrona i prestegardsalleen
- Det er heilt rett. Heldigvis er vi begynt å vakne her til lands også når det gjeld å ta vare på trea, pleie dei og stamme dei opp, seier Kenneth Thomassen fra Våler, som har starta eige firma innan gartneri- og arboristverksemd. Han er ikkje engsteleg for framtida i faga.
- Tre treng vi i alle samanhengar, både i næring og privat, og trea har ein stor verdi, ikkje minst i eit bymiljø. Dei skapar rom og trivnad og er viktige innslag i parkar, kulturlandskap, i hagane til folk og langs vegane. Tre er trivnad for oss alle, seier han.

Tryggleiken først og sist, seier Arne Romtveit før han klatrar
Fotlås
- Kva består skuledagen i? - Nett no klatrar eg det er kar om, ler Arne Romtveit frå Rauland. Han også er utdanna anleggsgartnar. - Det var fascinasjonen for tre og arbeidsgjevaren min som fekk meg til å søkje Hjeltnes. No held eg på og øvar i ulike klatreteknikkar. Vi skal pleie trea, beskjære dei, ta bort daudt trevirke og drive med oppstamming med tanke på trafikken. Vi tynnar også ut krona så det vert betre ljos, fortel han før han klatrar opp i lause lufta.

Kaja Vemren Rygh frå Oslo likte så godt trearbeidet på sommarjobben i Frognerparken at ho søkte seg inn på arboristutdanninga. Her er ho trygt nede på landjorda att.
- Eg bruker ein såkalla footlock, fotlås og tau. Det tek tid, men eg kjem til topps, lovar han. Opp kjem også Kaja Vemren Rygh frå Oslo. - Eg hadde sommarjobb i Frognerparken ved sida av studia og med ein bachelor i drama og teater. Men eg likte å så godt å pleie tre at eg søkte meg til Ulvik. Det er ein triveleg stad, seier Kaja. Og det er det ikkje vanskeleg å slutte seg til.