
Fylkeslege Helga Arianson, fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg og adm. direktør Stener Kvinnsland i Helse Bergen etter signeringa av partnerskapsavtalen for folkehelse under Fylkestinget i dag. (Foto: Stanley Hauge)
Avtaleunderteikninga fann stad under Fylkestinget 13. oktober. Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg, adm. direktør Stener Kvinnsland i Helse Bergen og fylkeslege Helga Arianson underteikna partnarskapsavtalen på vegne av dei tre sentrale aktørane i folkehelsearbeidet.
Koordinator
Hordaland fylkeskommune koordinerer folkehelsesatsinga i fylket. Ein viktig del av innsatsen skjer gjennom partnarskap for folkehelse. Gjennom eit bredt spekter av tiltak skal partnarskapen bidra til at innbyggjarane får fleire leveår med god helse. Samstundes er det eit mål å motverka sosiale helseskilnadar.
Påverknadsfaktorar
Livsstil, levekår og politiske avgjerder er faktorar som er med å påverka helsa vår. Folkehelsearbeid er ei utfordrande og samansatt oppgåve som krev fleire innfallsvinkar på tvers av sektorar. Fleire faggrupper må gjera ein innsats frå ulike nivå. Ved å løysa oppgåvene i partnarskap, samla om langsiktig, forpliktande og systematisk fokus på utfordringane, vil vi med felles mål og strategiar kunna oppnå eit betre resultat.
Ein milepæl
- Det at Helse Bergen har komen med i partnarskap for folkehelse i Hordaland er ein milepæl for partnarskapen, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg i Hordaland.
- Helsefremjande og førebyggjande arbeid er et viktig satsningsområde for Helse Bergen. Vi ser fram til å utvikla dette vidare som en del av partnarskapen, sier adm. direktør Stener Kvinnsland i Helse Bergen.
Kommunehelsetenesta
Helse Bergen skal dekka innbyggjarane sine behov for lokale, regionale og utvalde nasjonale spesialisthelsetenester. Hovudoppgåvene er pasientbehandling, utdanning, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Deltakinga er viktig, særleg for det førebyggjande helsearbeidet i kommunehelsetenesta.
- Spesialisthelsetjenesta medverkar med viktig kunnskap og faglege premissar for eit godt folkehelsearbeid, seier fylkeslege Helga Arianson.
Kommunane skal med
Partnarskap for folkehelse er eit samarbeid under etablering. Fylkesmannen, åtte kommunar og fem frivillige organisasjonar har til no forplikta seg til å vera med i partnarskapen. Mange fleire kommunar har starta prosessen med å inngå partnarskap. Målsetjinga er at innan utgangen av 2012 skal alle kommunane, saman med andre viktige institusjonar og organisasjonar i fylket delta.
For meir informasjon, kontakt:
Hordland fylkeskommune: Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg, Tlf. 91522733
Folkehelsekoordinator Sigrun G. Henriksen, Tlf. 41105101
Helse Bergen: Fagdirektør, Alf Henrik Andreassen, Tlf. 95890505
Fylkesmannen i Hordaland: Fylkeslege Helga Arianson - 55572338
Laila Nordheim Alme - 55572319