Gjev lån til Sunnhordland lufthamn, krev ekstraordinær generalforsamling

Under føresetnad av at Stord kommune, som er majoritetseigar, gjev nytt lån til Sunnhordland Lufthavn AS, vil Hordaland fylkeskommune medverka med inntil 2,52 mill. kr (21 %) av lånet, vedtok Hordaland fylkesting 13. oktober.

Lufthavn AS har søkt eigarane, Stord kommune (79 %) og Hordaland fylkeskommune (21 %), om 12 mill. kr i lån til finansiering av sikringstiltak ved Stord Lufthamn. Selskapet har fått avslag frå fleire bankar om lån til sikringstiltaka og er no i likviditetskrise sidan ein ikkje har fått lånefinansiert investeringane.

Generalforsamling

I vedtaket seier fylkestinget:

«Hordaland fylkeskommune føreset at det vert kalla inn til ekstraordinær generalforsamling med agenda val. Representantar for eigarane, Hordaland fylkeskommune og Stord kommune, skal fram til ekstraordinær generalforsamling evaluere styret i Sunnhordland Lufthamn AS sitt arbeid og fungere som valkomité.

Fylkesordføraren ivaretek fylkeskommunen sine interesser i denne prosessen.»

Vedtaket i fylkestinget var samrøystes.

Statsmidlar

Stord Lufthamn ligg i perioden 2010-19 inne i Nasjonal transportplan med årlege løyvingar på 12 mill. kr. Lufthamnselskapet mottek også årleg tilskot til lufttrafikktenesta, for 2010 er dette budsjettert med ca. 4,6 mill. kr.

Protokollmerknad

frå Sosialistisk venstreparti: «SV meiner det no er trong for ei sak med vurdering av fylkeskommunen sitt engasjement i Sunnhordland Lufthavn AS.»

Pressemelding om vedtak i fylkestinget 13. oktober 2010 (pdf-fil)

Stanley Hauge 13.10.2010 16:07
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart