Fylkestinget vurderer parlamentarisme

Fylkestinget skal på møte 12.-13. oktober drøfta om Hordaland fylkeskommune skal innføra parlamentarisme etter valet hausten 2011. Endeleg avgjerd vil først verta teken når det nye fylkestinget handsamar saka etter valet neste år.

I fylkesutvalet 29. september var det skepsis og motstand mot å oppretta fylkesråd.

Forslag

Forslag frå Ap, SV, SP (sett fram av Gisle Handeland):
«Fylkesutvalet finn ikkje grunn til å gå vidare med vurderinga av parlamentarisme som styringsform.»

Forslaget fekk 7 røyster (Ap, SV, SP og V).

Forslag frå Kristeleg folkeparti og Høgre (sett fram av Pål Kårbø):
«Det vert innført parlamentarisme som styringsform i Hordaland fylkeskommune frå valperioden 2011-15. Endeleg avgjerd vert teken i det nye fylkestinget.»

Forslaget fekk 5 røyster (KrF, H).

Fremskrittspartiet røysta imot begge forslaga.

Til vurdering

Petter Kvinge Tvedt (Frp) sa at Fremskrittspartiet ikkje har konkludert, men vil drøfta spørsmålet om parlamentarisme i programarbeidet framover. Parlamentarisme er ikkje nødvendigvis eit godt alternativ i fylkeskommunen, sjølv om det fungerer godt i Bergen, sa han.

Pål Kårbø (KrF) sa at Kristeleg folkeparti ikkje har teke endeleg avgjerd om partiet vil gå for parlamentarisme, men i denne omgang røysta dei for det. Spørsmålet vil i alle fall først verta endeleg avklart når det nye fylkestinget skal behandla saka, sa han.

Harald Hove (V) sa at Venstre tek opp spørsmålet i programprosessen framover, men han for sin del var skeptisk til eit fylkesråd.

To omgangar

For at det skal kunna innførast parlamentarisme i fylkeskommunen, må fylkestinget handsama saka to gonger.  Ein gong i det nest siste året (2010) i denne fylkestingsperioden, og så ein gong til tidleg i neste periode. Dersom parlamentarisme vert vedteke, må ordninga vera sett i verk innan 31.12.2012.

Utfallet av handsaminga no i oktober har ingen ting å seia for vedtaket som det nye fylkestinget skal gjera etter valet, det er nødvendig og tilstrekkeleg at saka er handsama og votert over i år.

Lenkjer

Ugreiing om parlamentarisme i Hordaland fylkeskommune (pdf-fil)

Fylkestinget 12.-13. oktober 2010 - Program og sakliste

Stanley Hauge 07.10.2010 09:36
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart