Vedtaket vart gjort med 29 røyster (Ap, SV, Raudt, Sp, V og 2 frå Høgre). Forslaget som vart vedteke var sett fram av Gisle Handeland (Ap).
14 representantar (5 KrF og 9 H) røysta for dette forslaget frå Kristeleg folkeparti og Høgre (sett fram av Pål Kårbø): «Det vert innført parlamentarisme som styringsform i Hordaland fylkeskommune frå valperioden 2011-15. Endeleg avgjerd vert teken i det nye fylkestinget.»
Fremskrittspartiet (14 repr.) røysta imot begge forslaga. Terje Søviknes (Frp) sa at partiet ikkje har konkludert. Saka kjem opp på fylkesrådsmøtet i Fremskrittspartiet i februar 2011 og partiet sitt standpunkt vil då verta kjent.
Ny vurdering i neste periode
Fylkestinget sitt vedtak no om ikkje å innføra parlamentarisme i Hordaland fylkeskommune, er ikkje til hinder for at det nye fylkestinget som skal veljast neste haust kan vedta ordninga.
For at det skal kunna innførast parlamentarisme i fylkeskommunen, må fylkestinget handsama saka to gonger. Ein gong i det nest siste året (2010) i denne fylkestingsperioden, og så ein gong til tidleg i neste periode. Dersom parlamentarisme vert vedteke, må ordninga vera sett i verk innan 31.12.2012.
Utfallet av handsaminga no har ingen ting å seia for vedtaket som det nye fylkestinget skal gjera etter valet, det er nødvendig og tilstrekkeleg at saka er handsama og votert over i år.