For perioden 2011-14 vert det føreslått investeringar for om lag 8,4 milliardar kroner. Vel 6,1 mrd. kr skal brukast innan samferdsel og 2 mrd. kr til vidaregåande skular.
Driftsbudsjettet for 2011 er det klart høgaste fylkeskommunen har hatt på 10 år – 2001 var siste året med ansvar for sjukehusa. Investeringsbudsjettet for 2011 er det høgaste nokon gong.
Moment i 2011-opplegget:
- Nybygg for Åsane videregående skole, startløyving i 2011 – nybygg ferdig i 2015.
- Ny tilskotspost til kulturhus/arenaer med 10 mill. kr årleg. I 2011 går 6 mill. kr til kunsthus i Fartein Valens landskap (Sveio) og 2 mill. kr til Arena USF (Bergen).
- 10 mill. kr til ferje nr. 2 i sambandet Hufthamar-Krokeide.
- Minstetaksten for å reisa med buss vert kr 25 også i 2011. Dermed vert prisen uendra for dei som reiser med enkeltbillett og Fleksiskyss på Bybanen og bussane i Bergen, og i andre område der ein reiser for minstetakst.
Det vert budsjettert med ein generell takstauke på 2,5 % for reiser med buss og båt i Hordaland frå 1. januar 2011 – om lag som venta prisstiging i samfunnet. Takstauken vil koma på einskildbillett utover minstetakst og på periodeprodukt.
- Til byggjesteg 2 på Bybanen (Nesttun-Lagunen) vert løyvd 595 mill. kr.
Satsinga på fornying av bygningane til vidaregåande skulane held fram for fullt i 2011-14 med investeringar på 1 994 mill. kr.
Fylkeskommunen si gjeld vil auka kraftig i perioden 2011-14 som følgje av store investeringar.
Lånegjelda aukar frå 4 421 mill. kr i 2011 til 7 432 mill. kr ved utgangen av 2014 – ein auke på over 68 % på fire år. Summen av brutto renteutgifter og avdrag vil auka frå 353,1 mill. kr i 2011 til 451,9 mill. kr i 2012, og til 586,7 mill. kr i 2014..
Dei store investeringane med tilsvarande stor auke i lånegjelda gjer at venta inntektsvekst dei komande åra i hovudsak vil gå til å dekka dei auken i renter og avdrag. Det vil praktisk talt ikkje vera friske midlar som kan nyttast til vanleg drift.
Samla investeringar 2011-14: 8 351,2 mill. kr
— 1 994 mill. kr til investeringar i vidaregåande skular
- To nye skular: Amalie Skram videregående skole i Bergen (2013), nybygg for Åsane videregående skole (ferdig 2015)
- Nybygg og ombygging for dei vidaregåande skulane på Voss frå 2012
- Tilbygg og ombygging ved Årstad videregående skole
— 1 281 mill. kr til 2. byggjesteg Bybanen i Bergen, Nesttun-Lagunen
— 1 264 mill. kr til Ringveg vest byggjesteg 2
— 669,0 mill. kr til Jondalstunnelen
— 393,0 mill. kr til Kvammapakken
— 292,0 mill. kr til Bømlopakken
— 250,0 mill. kr Tunnel bak Tysse (Samnanger)
I budsjettforslaget er det i 2011 rekna med 5 906,7 mill. kr til drift av dei ulike tenesteområda og 353,6 mill. kr til renter og avdrag på lån. Samla utgifter er dermed 6 259,8 mill. kr. Investeringsbudsjettet for 2011 er på 2 597 mill. kr. Det samla budsjettet for Hordaland fylkeskommune i 2011 vert dermed på i alt 8 857 mill. kr.
Meir om budsjettforslaget
Samandrag av budsjettgrunnlaget per 4. okt. 2010 (pdf-fil)
Budsjettdokumenta