Store forventningar til felles klimaløft for Nordsjøen

- Bergen og Hordaland ser utfordringane forbunde med aukande luftforureining tydelegare enn dei fleste andre byar. Vi håpar engasjementet i Clean North Sea Shipping kan bidra til å fjerna ”lokket” over Bergen. Dette er grunnen til at vi har valt å ta leia


Klare til felles klimaløft til beste for Bergen og Nordsjøbassenget. Lisbeth Iversen, byråd for byutvikling, klima og miljø i Bergen kommune og fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen i Hordaland fylkeskommune.

Idag 25. oktober møttest 40 utsendingar frå 18 europeiske partnarar i Bergen til oppstartmøte for den internasjonale miljøsatsinga kring Nordsjøbassenget.

Clean North Sea Shipping skal angripa det aukande problemet med luftforureining og klimagassutslepp frå skip, både i havn og til sjøs. Prosjektet er eit samarbeid mellom styremakter, maritime organisasjonar og næringsaktørar frå seks land.

Skyhøge forventningar

Optimismen i forkant av prosjektet er stor, og forventningane til utkomet er skyhøge:

- Vi her i Bergen trur vi kan endra verda. Skal vi klara gjera noko med forureininga i Bergen er vi nøydde til å vera opne om problemet, ikkje skjula det, sa Lisbeth Iversen, byråd for byutvikling, klima og miljø i helsingstala si til dei frammøtte.

Både Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune har vedteke eigne klimaplanar i år. Her vert transport utpeika som eige satsingsområde. Engasjementet i Clean North Sea Shipping er ein direkte oppfølgjar av planarbeidet, ifølgje Iversen.

Byråden er ikkje framand for å bruka bompengar til å delfinansiera tiltaka.

Elektrifisering av Bergen Havn

Utvikling og innføring av ny og meir miljøvenlege energiløysingar om bord på skip vil stå sentralt i prosjektet. Elektrifisering av Bergen havn er eit aktuelt tiltak. Sist vinter måtte Bergen havn stengjast for forureinande skip i ein periode. For å hindra at det skjer igjen, ønskjer ein mellom anna å gjennomføra tiltak som kan bidra til å sikra ein bærekraftig fjordturisme.

Transnasjonal politikkutforming og implementering av internasjonalt regelverk på området i dei einskilde deltakarlanda vil også stå på dagsorden.

- Vi treng internasjonale løysingar. Bergen kan ikkje klara denne oppgåva aleine. Ingen sit inne med all naudsynt kunnskap. Dessutan tek det altfor lang tid om vi skal utvikla alle desse løysingane aleine, sa Iversen.

EU sitt Nordsjøprogram

Clean North Sea Shipping er tilknytta EU sitt Nordsjøprogram. Av totalbudsjettet på 35 millionar kroner, dekkjer EU halvparten.

Hordaland fylkeskommune er tildelt prosjektleiaransvaret for tiltaket som omfattar 18 partnarar frå Sverige, Tyskland, Nederland, Belgia, Storbritannia og Norge. For å handtera det praktiske arbeidet har fylket tilsett Even Husby som prosjektleiar.

Frå Hordaland deltek Bergen kommune, Bergen og Omland havnevesen, BKK, Gassnor og Hordaland fylkeskommune.

 

Liv Strømme 25.10.2010 13:53
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart