
Under fagprøven i sveisefaget viste Linn-Kristin Haarvei at ho beherska tre ulike sveisemetodar. No er ho klar til å dra offshore.
Finanskrisa har redusert næringslivet si evne og vilje til å ta inn lærlingar. Sluttopplæring i skule er ei naudløysing for elevar på yrkesfaga som står utan læreplass etter andre året på vidaregåande. Erfaringa er at skuletilbodet vert for teoretisk for mange av elevane, slik at dei ikkje klarar krava til den praktiske fagprøven.
Nytt tilbod
Nytt hausten 2009 her i Hordaland var tilbodet til åtte elevar om at sluttopplæringa kunne skje i verkstaden til Hop Kompetansesenter på Askøy. Her kunne elevane få prøva seg i eitt miljø mykje tilsvarande det dei vil møta ute i arbeidslivet, istaden for å slita skulebenken. I løpet av eit knapt år skulle dei tileigna seg same kunnskapane som lærlingar vanlegvis treng to år på å tileigna seg.
Fem elevar i sveisefaget og tre i platefaget takka ja. No har tre av dei vist at dei meistrar krava til fagprøven i sveisefaget og ein har fått kompetansebevis. Fagprøven for elevane i platefaget pågår i desse dagar.
Breidt smil
Linn-Kristin Horvei er ein av dei tre som mandag denne veka fekk vita at ho har bestått krava til fagprøven i sveisefaget:
- Eg har oppnådd mange av måla mine, smiler Linn-Kristin Haarvei breidt når eg møter henne to dagar etter at prøvenemnda vende tommelen opp for prøvestykket hennar.
Det siste året har langt frå vore noko latmannsliv. I løpet av året har ho teke fire ulike sveisesertifikat, i tillegg til kurs i varmt arbeid. Undervegs har ho fått vore med på gjennomføringa av ulike kundeprosjekt.
Vil offshore
No som ho har både sertifikat og fagbrev å visa til, byrjar jobbjakta:
- Aller helst vil eg offshore, seier 19-åringen.
Meir praksis
- Dei som har gått her har ikkje hatt noko vanleg VG3-år. Undervisinga har vore langt meir praktisk enn om elevane hadde vore på skulen. Her får dei sjå sveisarar i arbeid, og dei får høve til å prøva seg på reelle arbeidsoppgåver, understreka Dag Wangen, dagleg leiar i Hop Kompetansesenter.
Utvida prøveordning
Dette skuleåret har ordninga med sluttopplæring i skule, gjennomført ute i bedrift, blitt utvida til å omfatta elektro-og industrimekanikarar i tillegg til plate/sveis.