Dei eldre inntok Fysakhallen

– Det er viktig å aktivisere dei eldre, seier Olga Johannessen, leiar av eldrerådet i Hordaland. Eldre mellom 60 og 90 år inntok 1. oktober Fysakhallen på Slettebakken for å markere den internasjonale eldredagen.

Boccia var eit populært tiltak under den internasjonale eldredagen i Fysakhallen: Johannes Opstvedt (f.v.), Per Eide, Synnøve Gran, Lise Corwin (folkehelsekoordinator i Hordaland fylkeskommune), Olga Johannessen (leiar av eldrerådet i Hordaland), Edvard Giertsen, Guro Øvsthus (ved idrettsseksjonen i Hordaland fylkeskommune), Magnus Sandal, Anne-Tine Isdahl, Sissel Sandal og Mona Wickman.
Boccia var eit populært tiltak under den internasjonale eldredagen i Fysakhallen: Johannes Opstvedt (f.v.), Per Eide, Synnøve Gran, Lise Corwin (folkehelsekoordinator i Hordaland fylkeskommune), Olga Johannessen (leiar av eldrerådet i Hordaland), Edvard Giertsen, Guro Øvsthus (ved idrettsseksjonen i Hordaland fylkeskommune), Magnus Sandal, Anne-Tine Isdahl, Sissel Sandal og Mona Wickman. (foto: Bjarte Brask Eriksen)

Myte med spreke eldre
– Det er ein myte at dei eldre er så spreke. Over halvparten av alle eldre mosjonerer for lite, og dei som er i aktivitet, er svært spreke. Vi må motivere og inspirere dei eldre til å bli meir aktive i kvardagen, men det er ikke nødvendig å springe opp og ned Stoltzekleiven. Vi ønskjer at dei eldre skal vere litt aktiv kvar dag. Det betrar livskvaliteten i alderdomen, seier Olga Johannessen.

Skjerpar konsentrasjon og koordinering
Ein av deltakarane på eldredagen er Johannes Opstvedt. Han er aktiv i lokallaget til Landsforeningen for hjerte- og lungesyke i Bergen.
– Det er kjekt å få vere med her på eldredagen. I vinterhalvåret spelar vi Boccia her ein gong i veka. Om sommaren spelar vi ute. No kan vi profilere oss og vise oss fram for andre. Vi har fått nye medlemmer her i dag. Boccia er god trening på mange måtar. Det skjerpar konsentrasjon og koordinering i tillegg til at vi er i fysisk aktivitet. Spelet høver og godt for folk med handikap, seier Johannes Opstvedt.

Lovfesta og oppretta av FN
Den årlege eldredagen er lovfesta og oppretta av FN. Den skal setje søkelyset på at eldre stadig blir ein aukande folkegruppe og dei utfordringane det medfører.
Bak arrangementet i Fysakhallen stod Hordaland fylkeskommune ved fylkeseldrerådet og folkehelsen, saman med fysioterapiutdanningen ved Høgskolen i Bergen.
Arrangementet var gratis og inneheldt varierte aktiviteter som stavgang, tur i frisk luft, seniordans, tips til heimeøvingar, boccia, stoltrim, pluss eit enkelt datakurs, gratis kaffi og mat.

Sosialt viktig
– Det sosiale er og viktig med eit slikt arrangement. Her kan dei eldre kome saman og få seg ein god prat, seier leiar av eldrerådet i Hordaland, Olga Johannessen.

Magnus Sandal kastar bocciakulen og rundt står Synnøve Gran (f.v.), Sissel Sandal og Per Eide.
Magnus Sandal kastar bocciakulen og rundt står Synnøve Gran (f.v.), Sissel Sandal og Per Eide.

Bjarte Brask Eriksen 01.10.2010 16:29
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart