Bergen maritime får fullskala 3D boresimulator

Bergen maritime skule vil verta best på opplæring av offshore borepersonell til riggar og subseainstallasjonar. No investerer skulen i ein av dei mest avanserte fullskala 3D boresimulatorane i verda. Frå hausten av kan studentane få opplæring i eit autent


Slik kjem studentane ved Bergen maritime skule til å oppleva treninga i den nye fullskala 3D boresimulatoren. Dei vil kunna trena på uventa hendingar både på boredekk og under nedihols boreoperasjonar. (foto: Drilling Systems). 

Bergensskulen vert den første offentlege utdanningsinstitusjonen i verda som tek i bruk eit slikt høgteknologisk simuleringsverktøy i undervisninga, ifølje forretningsdirektør Robin Carter hos leverandøren Drilling Systems. Det britiske selskapet kom ut som sigerherre etter ein anbodsrunde med tre tilbydarar.

Tilbygg

For å få full nytte av den avanserte simulatoren vert skulen utvida med eit nytt rom på taket. Dette skal stå ferdig til våren. Heile investeringa vil koma på kring 17 millionar kroner, der rekninga vert delt mellom Bergen maritime og fylkeskommunen. 

Det nye tilbodet ved Bergen maritime sitt kompetansesenter for boreoperasjonar vart presentert for media og andre i samband med avtaleunderteikninga torsdag denne veka.

Utruleg glade


Avtaleunderteikninga. Rektor Anne de Lange flankert av finansdirektør Robin Carter og teknisk direktør Clive Battisby hos leverandørselskapet Drilling Systems
(foto: Liv Strømme)

- Vi her ved Bergen maritime er utruleg glade for å ha klart å få til denne løysinga, og for at vi på denne måten kan bidra til å setja både Bergen og Hordaland på kartet ovanfor offshoremiljøet, seier rektor Anne de Lange ved Bergen maritime skule.

- Etter ulukka i Mexico-golfen i vår vert det meir og meir aktuelt med simulatortrening i autentiske miljø. Slik sett vert det rett å seia at Bergen maritime kjem til å utdanna morgondagens borepersonell, seier Jørgen Eriksen, leiar for kursverksemda ved skulen.

Learning by doing

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg ser investeringa som eit stort teknisk framsteg, både for skulen og for landet:


Gratulasjonshelsing til rektor Anne de Lange frå fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg. (foto: Liv Strømme)

- Dette vert learning by doing! Ingen andre læremetodar er så effektive, sa fylkesordføraren. Ho henviste både til dei strenge krava til tryggleik i oljenæringa, og til at oljeselskapa vil kunna spara store beløp i ineffektiv riggtid ved å senda tilsette på trening i simulatoren.

Styrkar samarbeid med næringslivet

- Hordaland fylkeskommune har eit godt samarbeid med næringslivet. Vi freistar til eikvar tid å dekka det kompetansebehovet næringane etterspør. Hordaland har 20.000 tilsette i offshoreindustrien. Det nasjonale kompetansesenteret for subsea er lagt til fylket. Senteret omfattar 4.600 tilsette og genererer ein omsetnad på 10 milliardar kroner årleg. Det er difor ei stor glede for meg at vi har klart å få til dette prosjektet, sier Nyborg.

Optimalisera boreoperasjonar

I dag må offshoepersonell dra utanlands skal dei kunna trena i tilsvarande simulatormiljø. Leiaren for kursverksemda ved skulen inviterer offshoreselskapa til samarbeid om utvikling av aktuelle kurspakkar i ny boreteknologi.

Boresimulatoren kan tilby 3D visualisering både av boredekk og nedihols boreoperasjonar i full storleik. Simulatoren vil kunna gjenskapa miljøet på faste riggar, flytarar, jackup og boreskip. Simulatoren lar borepersonell trena på optimalisering av riggoperasjonar. Dei vil og kunna testa seg i ulike problemsituasjonar som kan oppstå i samband med uventa hendingar oppshore, som fastkjørt borestreng, tap av brønnvæske og trykkontroll.

Tilsvarande simulator er i bruk hos nokre av dei store, internasjonale oljeselskapa, som Shell, BP og Transocean.

 Pressemelding – Bergen maritime får fullskala 3D boresimulator

Liv Strømme 29.10.2010 14:06
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart