Ber samferdselsministeren få fortgang i nytt Sotrasamband

I brev til samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa ber fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg statsråden få fortgang i arbeidet med nytt Sotrasamband.

– Vi har ikkje tid å mista for å få på plass eit nytt Sotrasamband. I første omgang må det skjerast gjennom og få planlagt nytt Sotrasamband frå Straume i Fjell kommune til Storavatnet i Bergen. Ny veg mellom Liavatnet og Storavatnet må koma som eit eige prosjekt, seier fylkesordførar Selsvold Nyborg i brevet.

Sprengd kapasitet

«Den sprengde kapasiteten på riksveg 555 mellom Bergen og Sotra er dagleg merkbar for dei reisande på denne strekninga. Den tofelts vegen med 25.000-26.000 bilar over Sotrabrua kvar dag er svært sårbar. Det finst praktisk tala ingen tilfredsstillande omkjøringsvegar,» skriv fylkesordføraren.

Køar i mange timar

«Ved den tragiske trafikkulykka ved Arefjord på Litlesotra fredag 8. oktober, der to menneske omkom, vart vi på ny minna om dette. Ulykka skjedda ca. kl. 13.30 og først kl. 20.45 om kvelden hadde køane løyst seg opp. Denne gongen fekk trafikkproblema konsekvensar like til Bergen sentrum.»

«Vi har også ei rekkje andre gonger opplevd at sambandet mellom Sotra og Bergen vert blokkert ved langt mindre alvorlege hendingar. Bilar som kjører seg tom for bensin eller får motorstopp er nok til at det fort vert lange køar – sjølv utanom rusjtida.» a

Samanheng

– Eg fryktar også at ein del av ulykkene på strekninga har samanheng med den sprengde kapasiteten på  denne delen av riksveg 555, seier fylkesordførar Selsvold Nyborg.

Fortgang

«Eg kjenner til arbeidet som er i gang med konsekvensutgreiing og kommunedelplanar i Bergen og Fjell. Eg ber om at samferdselsministeren klargjer kvar i prosessen desse planane er, og får fortgang i dei – slik at vi snarast kan steget frå planlegging til utbygging.»

Må skjera gjennom

Fylkesordføraren avsluttar brevet til statsråd Meltveit Kleppa slik: «Vi har ikkje tid å mista for å få på plass eit nytt Sotrasamband.

I første omgang må det skjerast gjennom og få planlagt nytt Sotrasamband frå Straume i Fjell kommune til Storavatnet i Bergen. Ny veg mellom Liavatnet og Storavatnet må koma som eit eige prosjekt.»

Stanley Hauge 12.10.2010 07:34
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart