AkvaVis vart 25. september presentert på ”Global Conference on Aquaculture 2010 ” i Thailand av den portugisiske forskaren J. G. Ferreira. Det vil og bli presentert i eige foredrag på ”Aquaculture Europe 2010” konferansen i neste veke av Christian Michelsen Research med fleire.
System for betre oppdrettslokalisering
AkvaVis er eit prosjekt som tar sikte på å utvikle betre system for bærekraftig lokalisering av fiskeoppdrett. Prosjektet vart initiert av Hordaland fylkeskommune, og vert i dag utvikla av Havforskningsinstituttet (HI) og Christian Michelsen Research (CMR Computing) som ein del av HI sitt ”MOLO” program. Næringsseksjonen i Hordaland fylkeskommune deltar i styringa av AkvaVis.
Inge Døskeland (biletet) på Næringsseksjonen har hatt ei viktig rolle i utviklinga av prosjektet og kan fortelle meir om mål og bruksområde:
- Målet er å utvikle verktøy for handsaming av oppdrettssøknader, kystsoneplanlegging og miljøkontroll som er skreddarsydd for å støtte arbeidet i forvaltninga og hos kommunar og næring, opplyser han.
- Verktøya er nettbaserte og kan leggast tilgjengelig for innsyn på nett slik at partnarar og offentlegheit kan handle og ta avgjerd på likt grunnlag.
Kopling av datakjelder med kunnskap
Det finnes allereie ei rekke datasystem og digitale kart som er gode verktøy både for oppdrettsnæringa, planleggarar og forvaltninga. Så kva er nytt med Akvavis?
- Det AkvaVis kan bidra med er å kople eksisterande og nye datakjelder med forskarane sin kunnskap i form av modeller. Slik skal faglig funderte forslag på kvar det er gunstig å plassere oppdrett presenterast på ein enklast mulig måte, hevdar Inge.
Dynamisk system
Det nye elementet i AkvaVis i høve til tradisjonelle havbruksanalysar består i at systemet er dynamisk og at systemet kan gje ulike svar basert på innspel frå brukar. I praksis tyder det at systemet gir betre svar etter kvart som nye data, som til dømes gode modeller for havstrøm, eller endra sjukdomsrisiko, føreligg.
Grønt eller raudt lys?
Brukarane skal kunne få informasjon på kartet om ei føreslått lokalisering av eit oppdrettsområde er god eller dårlig i form av trafikklys frå grønt til raudt. Rådet vil være basert på ei forenkla simulering av ei kompleks rekkje av natur- og samfunnstilhøve som verker inn på ”god” lokalisering.
Brukarane vil få opplysningar om kva omsyn som er vekta og korleis. Systemet vil gi ulike svar og kart avhengig av kor store eller mange anlegg som simulerast og kva art ein ser for seg oppdrett eller dyrking av. Slik vonar ein at verktøyet skal verte meir aktuelt enn trykte havbruksanalysar.
Over: Arbeidsgruppa med Arne Ervik (HI), Anne Hageberg (CMR) og Øyvind Strand (HI). (Foto: Inge Døskeland)
Råd som støtte for avgjerder
Det gjeld også om å gi råd til planleggarar i kommunane, oppdrettsnæringa og miljøvernorganisasjonar om mengde og type oppdrett i høve til område sitt produksjonspotensial eller eventuelle kryssande interesser. Det er viktig at verktøyet berre har ambisjon om å støtte avgjerder, ikkje lage ein ferdig fasit.
Vegen vidare
Inge Døskeland understrekar at det gjenstår oppgåver både knytta til utvikling og finansiering før AkvaVis kan takast i bruk som hjelpesystem i havbruksforvaltninga. Det vert i desse dagar utarbeidd skisser til prosjektplanar og sondert mogleg finansiering.
- AkvaVis må være enkelt og nyttig ved at det gir gode svar på relevante spørsmål, noko som kan sikrast ved at brukarane vert involvert aktivt i heile utviklingsfasen. Særlig kan fokus på kommunane og regionane sitt arbeid med å tilretteleggje for akvakultur gjennom integrert kystsoneplanlegging være nyttig, meiner han.
Les meir om Akvavis