3000 nye fagbrev

Nær 3000 hordalendingar har i desse dagar grunn til å feira at dei har klart fagprøven. 155 av dei mottok fag-/ sveinebrevet som bekreftar kunnskapane deira i Håkonshallen 28. oktober. Det var fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg, saman med leiar av Yrke


Glade representantar for dei som fekk overrekt fagbrevet som dokumenterer kunnskapane deira i Håkonshallen tordag. Frå venstre Lena Horne, Maja H. Kvalvik, fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg, Line Kvilhaug og Katharina Rysjedal. (foto: Svein Erik Røskeland, Fagopplæringskontoret)

Det er lærlingane som starta læretida si i 2008 som no får bevis på at dei har gjennomført utdanningsløpet med tilfredstillande kunnskapar i faga sine.

Mange praksiskandidatar

I tillegg er det i år uvanleg mange praksiskandidatar som har nytta seg av tilbod om å avleggja fagprøven. Dei siste er stort sett vaksne folk med mange års yrkeserfaring, eller personar som alt har eitt fagbrev, og som ønskjer å supplera kunnskapane sine for å få fleire bein å stå på reint fagleg, seier spesialrådgjevar Svein Erik Røskeland ved fagopplæringskontoret i Hordaland fylkeskommune.

Elektrikarar og tømrarar

Kring 235 elektrikarar og om lag like mange tømrarar er no klare til å starta tilværet som fagarbeidar. Dette er dei største og mest populære yrkesfaga i fylket. Stadig fleire kvinner tek fagbrev som helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar. Andre fag slit med rekrutteringa. Dette året er det til dømes berre ein gullsmed og ein sadelmakar som har vore oppe til fagprøven. Siste skomakaren avslutta utdanninga si for fem år sidan.

Eigne arrangement

Både Bergen Næringsråd, Bergen kommune og nokre opplæringskontor skipar til eigne arrangement for å markera dei nye fagarbeidarane.

Fagopplæringskontoret i Hordaland fylkeskommune er ansvarleg for den praktiske avviklinga av samtlege fag- og sveineprøvar i fylket.

Liv Strømme 29.10.2010 08:54
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart