Vil frede Odda smelteverk

Fleire store saker skal handsamast av kultur- og ressursutvalet i Hordaland 30. november. På sakskartet står forslag til freding av Odda smelteverk, tildeling av sju millionar kroner til kulturelt utviklingsprogram og tildeling av fem utviklingsstipend in

Dette er ein av bygningane som er foreslått freda på tomta til Odda smelteverk. (Foto: Ann Steindal)
Dette er ein av bygningane som er foreslått freda på tomta til Odda smelteverk. (Foto: Ann Steindal)

Kulturhistorisk verdifullt
Fylkesrådmannen tilrår å frede Odda smelteverk. Hordaland har utarbeidd fredingsforslag for å ta vare på smelteverket som eit teknologihistorisk, arkitekturhistorisk og kulturhistorisk verdifullt døme på dei kraftkrevjande industrianlegga frå byrjinga av 1900-talet.
Fredinga skal ta vare på dei attverande hovudelementa i anlegget.

På UNESCO si verdsarvliste
Hausten 2009 vart Odda-Tyssedal ført opp som forslag frå Noreg på UNESCO si verdsarvliste, saman med Rjukan og Notodden. Fredinga skal sikre dei vesentlege kulturminneverdiane som gjer Odda aktuell for plass på verdsarvlista. Fredinga skal styrkje det unike med Odda, leggje til rette for å vidareføre særpreget til Odda, og fremje ei langsiktig og god utvikling der næringsutvikling skjer på premissane til kulturminnet.

Saka blir handsama i kultur- og ressursutvalet tysdag 30. november og går vidare til fylkesutvalet onsdag 8. desember.

Strusshamn skal få kultursenter
Den andre store saka blir tildeling av sju millionar kroner under kulturelt utviklingsprogram for 2010. Det kom inn totalt 78 søknader med ein søknadssum på kring 50 millionar kroner.

Fylkesrådmannen tilrår at desse 17 tiltaka får pengar:
Bergen Arkitektforening: Arkitektur & Design Almenning kr. 100.000 i 2010
Askøy kommune: Strusshamn kultursenter: kr. 1,2 mill. 2010-12
Austevoll kommune: Marstein fyr kr. 100.000 i 2010
Bergen Filmutvikling: Filmen Oselvaren kr. 500.000 i 2010
BIT 20 Ensemble: Metodeutv./lærebok kr. 500.000 for 2010-12
Borealisfestivalen: Odda-Tyssedal kr. 400.000 for 2010-12
Festpillene i Bergen: "Festspillsatellitter” kr. 200.000 i 2010
Flaggfabrikken: Nordic Art Express kr. 200.000 for 2010-12
Galleri 3.14: Ambulerande gjestekunstnarordning kr. 150.000 i 2010
Hardanger Historielag: Regionssoge kr. 900.000 for 2010-12
Hardanger/Voss museum: Hardingfelesenter kr. 500.000 for 2010-12
Kvam herad/ Hardangerrådet: Markering 2014 kr. 250.000 i 2010
Bergen kommune: Kulturfestival for Utviklingshemma kr. 150.000 i 2010
Lydgalleriet: IslandEAR Residensprogram kr.450.000 for 2010-12
Bymuseet i Bergen/ Museumssentr. i Hordaland: ”Levende historie i museum” kr. 700.000 for 2010-12
Nattjazz/Brg.Jazzforum: Jazzmetoden-Formidling kr.200.000 for 2010-12
Norsk publikumsutvikling.: Metodeutvikling kr. 500.000 for 2010-12

Fem utviklingsstipend
Siste sak på sakskartet er tildeling av utviklingsstipend. Kultur- og ressursutvalet skal tildele fem stipend, kvart på 25.000 kroner, til unge idrettsutøvarar, trenarar, leiarar og dommarar frå Hordaland. Pengane skal gje høve til vidareutvikling og vere stimulans til vidare satsing. Totalt er det kome inn 66 søknader, frå 59 utøvarar og sju trenarar/leiarar. Dei representerer 28 ulike idrettar.
Tilrådinga frå fylkesrådmannen blir lagt fram på møtet, og utdelinga av stipenda skjer på fylkestinget i Bergen 14. desember.

Meldingar til møtet

Saker til møtet:

Saksnr. Arkivsak Sakstittel:
90/10 200908937 Regional planstrategi for Hordaland 2010 - 2012 - Vedtak
91/10 201006711 Ferdingsforslag for Odda Smelteverk. Høyringsfråsegn frå Hordaland fylkeskommune
92/10 201000669 Detaljplan av Kyrkjevegen 2, gnr 45 bnr 322, Manger, Radøy kommune. Motsegn
93/10 201010200 Søknad om bygging av Tveisme kraftverk i Ullensvang - fråsegn
94/10 201005213 Tildeling av prosjektmidlar under Kulturelt Utviklingsprogram 2010
95/10 201012139 Hordaland fylkeskommune sitt utviklingsstipend 2010

 

Bjarte Brask Eriksen 24.11.2010 11:13
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart