Styrka norsk forsking kjem heile landet til gode

– Norsk forsking er styrka og kjem heile landet til gode, sa statsråd Tora Aasland då ho og fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg gjesta StormGeo i Bergen, som får 1,7 millionar kroner frå Regionalt forskingsfond Vestlandet.

I hjartet til Storm Geo Center, Tobiastårnet, som får 1,7 millionar kroner frå Regionalt forskingsfond Vestlandet: Seniorforskar Nina Gjerde Winther, sjefmeteorolog Martin Grønnevet, statsråd Tora Aasland, fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg og Siri Kalvig, gründer av Storm Geo Center.
I hjartet til StormGeo, Tobiastårnet, som får 1,7 millionar kroner frå Regionalt forskingsfond Vestlandet: Seniorforskar Nina Gjerde Winther (f.v.), sjefmeteorolog Martin Grønnevet, statsråd Tora Aasland, fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg og Siri Kalvig, gründer av StormGeo. (foto: Bjarte Brask Eriksen)

Slutt på Kardemommeby-tilstandar
– Vi leverer ikkje berre ver, men og konsekvensane av ver. Tida då vi stod som Tobias i tårnet og varsla ver med kikkert er forbi, seier Siri Kalvig, gründer av StormGeo.
Pengane frå Regionalt forskingsfond Vestlandet skal gå til å gje betre vêrvarsel tilpassa vindmøller til havs og er eit samarbeid med Universitetet i Stavanger.

Skal forstå vinden betre
– Vi må forstå vinden betre. Vind skapar bølgjer, men interaksjonen tilbake er ikkje godt nok forska på. Vi skal forske meir på samspelet mellom atmosfæren og havet, seier seniorforskar i StormGeo, Nina Gjerde Winther.
– Vi må kunne varsle når veret blir slik at vi må stenge vindmøllene ned, seier professor Ove T. Gudmestad ved Universitetet i Stavanger.

Gratulasjonar frå fylkesordføraren
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg sit i styret for Regionalt forskingsfond Vestlandet og gratulerte StormGeo og Universitetet i Stavanger med pengane til forskingsprosjektet og ønskte lukke til. Forskings- og høgare utdanningsminister Tora Aasland sa at dette var første gongen ho ser resultat og møter dei regionale forskingsfonda i praksis.

Forskinga skal skje ute i regionane
– Vi vil at forskinga skal initierast ute i regionane. StormGeo er ein typisk kunnskapsbasert bedrift som foredlar kunnskap og sel kunnskap til dei som har bruk for slik kunnskap. Forsking er heilt sentralt for samfunnet. Regjeringa vil at det skal skje kunnskapsutvikling over heile landet. Difor satsar vi på regionale forskingsfond som er verktøyet til fylkeskommunane, sa minister Tora Aasland.

10 hovudprosjekt og 27 forprosjekt
Totalt disponerer Regionalt forskingsfond Vestlandet 29,7 millionar kroner i år. Det meste, 21 millionar kroner, går til 10 hovudprosjekt, der samarbeidsprosjektet til StormGeo og Universitetet i Stavanger er eitt av desse. Vidare får 27 forprosjekt 200.000 kroner kvar i støtte. Eitt av desse forprosjekta vart presentert av Eli Heiberg, forskar ved Vestlandsforsking. Det går på Vestlandslandbruket og korleis det skal utvikle seg som følgje av endra klima og strengare klimapolitikk.

Vil forske for over 100 millionar kroner
Totalt kom det 95 søknader for over 100 millionar kroner til Regionalt forskingsfond Vestlandet.

Blomster til to av prosjekta til Regionalt forskingsfond Vestlandet som ble presentert hos Storm Geo Center i Bergen: Eli Heiberg, Vestlandsforsking (f.v.), Ove T. Gudmestad, Universitetet i Stavanger, fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg, statsråd Tora Aasland og Nina Gjerde Winther, Storm Geo Center.
Blomster til to av prosjekta til Regionalt forskingsfond Vestlandet som ble presentert hos StormGeo i Bergen: Eli Heiberg, Vestlandsforsking (f.v.), Ove T. Gudmestad, Universitetet i Stavanger, fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg, statsråd Tora Aasland og Nina Gjerde Winther, StormGeo.

Bjarte Brask Eriksen 29.11.2010 15:11
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart