Familie- og kulturkomiteen på Stortinget er 8.-9. november i Hordaland for å verta orienterte om barnevern og kultursaker. Synfaringar i Bergen, Fjell, Sund og Austevoll står på programmet dei to dagane.
Det omfattande programmet startar på Nøstet i Bergen med orientering om TV2 måndag 8. november, og vert avslutta på Marsteinen fyr i Austevoll tysdag ettermiddag.
Barnevern
Regiondirektør Borghild Lekve i Bufetat region vest skal orientera om utfordringar i barnevernet i region vest.
Kultur
Leiar i kultur- og ressursutvalet i Hordaland, Helge Andre Njåstad, skal orientera om kulturpolitiske utfordringar i Hordaland. Byråd Harald Victor Hove skal tilsvarande orientera om Bergen sine kulturutfordringar.
Andre kulturpostar er: Filmsastinga på Vestlandet og Scenekustn i Vest.
Museumstur i Bergen
Måndag ettermiddag skal komiteen vitja fleire museum i Bergen.
Fjell, Sund, Austevoll
Tysdag 9. nov. går turen til Fjell og orientering om kulturpolitiske utfordringar i ein kommune i sterk vekst. Synfaringar vert det i Straume idrettspark og Fjell festning.
Via Sund går turen til Marsteinen kulturfyr i Austevoll.
Andre orienteringar
Informasjon frå Vestlansrådet, situasjonen innan ABM-området og innspel til ny idrettsmelding er tema som også vert tekne opp i løpet av dei to dagane.