Regionen Nedre-Normandie arrangerer festivalen Les Boreales som ei av dei største markeringane av nordisk kultur utanfor Norden. I samband med festivalen 11. til 27. november reiser medlemmer av kultur- og ressursutvalet i Hordaland og administrativt tils

Feirar nordiske røter
Normandie er oppteken av historia si, og feirar kvart år sine nordiske røter gjennom to veker i november med samtidskunst og kulturuttrykk frå Norden. Nedre-Normandie er Hordaland sin samarbeidsregion, og i 2009 vart samarbeidsavtalen fornya og inneheld no fleire konkrete samarbeidsområde. Kultur er sentralt i denne avtalen. Eitt av hovudprosjekta i 2010 er samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune, Hordalandskunstnarar og Les Boreales. Dette samarbeidet gjer at artistar og kunstnarar frå Hordaland er særskilt inviterte på festivalen i år. Ei heil veke vert via til kunstuttrykk knytt til Vestlandet.
Samarbeid sidan 1993
Hordaland fylkeskommune og regionrådet i Nedre-Normandie har hatt ein samarbeidsavtale sidan 1993. Samarbeidet omfattar tema som utdanning, innovasjon og entreprenørskap og maritime aktivitetar i tillegg til kultur.
Mange sjangrar
Festivalen Les Boreales spenner over mange sjangrar, og festivalen sin kunstnarlege leiar Jerome Remy har svært god kjennskap til norske artistar og kunstnarar. Gjennom samarbeidsavtalen og kontakten med Hordaland fylkeskommune har festivalen fått eit endå betre kontaktnett i Hordaland. Dette har til no resultert i på festivalen skal mellom anna Carte Blanche, Jo Strømgren Kompani, banda The New Wine og Gorgoroth og forfattarane Gunnar Staalesen og Bjørn Sortland delta på Les Boreales. I tillegg har festivalen initiert eit kunstnarleg samarbeid mellom den franske musikaren Pierre Bastien og den bergenske musikaren og lydkunstnaren Phonophani (Espen Sommer Eide).
Meir om Boreales-festivalen november 2010 (pdf)
Oversikt over norske innslag på Borealis-festivalen (pdf)
Program for kultur- og ressursutvalet under vitjinga i Nedre-Normandie 21.-25- november 2010 (pdf)
Videoinnslag som fransk TV3 har laga om festivalinnslag frå Hordaland, mellom anna Carte Blanche, Gunnar Staalesen, Jo Stromgren compagnie og bandet New Wine