
På den nasjonale konferansen i Bergen la rådgjevar i den offentlege tannhelsetenesta i Hordaland, Ingfrid Vaksdal Brattabø, fram resultat av granskingar som syner at framandspråklege i Noreg har dårlegare tannhelse enn etnisk norske. (alle foto: Bjarte Brask Eriksen)
250 deltakarar
Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) sette søkelyset på integrering av innvandrarar og asylsøkjarar på konferansen som samla 250 deltakarar i Grieghallen.
Vaksdal Brattabø fortalte deltakarane at asylsøkjarar og framandspråklege har meir hol i tennene enn etnisk norske.
Hol hos ni av ti innvandrarbarn i Oslo
– Granskinga av treåringar, 12-åringar og 18-åringar viser at dei har tre gonger så mykje hol i tennene. Ei gransking hos 35-årige innvandrarar viser at dei er meir utsette for at tennene losnar enn etniske nordmenn. I Oslo har ni av ti innvandrarbarn hol i tennene. Årsakene til dette er komplekse.
Mange har opplevd traume
Vaksdal Brattabø seier at innvandrarane kjem frå mange kulturar, snakkar ulike språk, har forskjellige matvanar og mange har opplevd traume.
– Vi må møte kvar enkelt på deira nivå på beste måte. Derfor har vi gjennomført kurs i Hordalandsmodellen som skal gjere det offentlege tenesteapparatet betre i stand til å ta imot innvandrarar og flyktningar. Vi har gjennomført kurset for tannhelsepersonell, klinikksjefar og leiarar, og for tilsette på alle tannklinikar knytte til asylmottak. Vi planlegg og å gjennomføre kurset for alle 350 tilsette i den offentlege tannhelsetenesta i Hordaland.

På eigen stand i Grieghallen informerte dei to tannpleiarane Jorunn Marie Brekke, Loddefjord tannklinikk (f.v.) og Mona Aardal, Indre Arna tannklinikk og rådgjevar i den offentlege tannhelsetenesta i Hordaland, Ingfrid Vaksdal Brattabø, om tannhelsetilbodet til asylsøkjarar og innvandrarar.
Samarbeidsavtale
Den uklare grensegangen om kven som har ansvar for tannhelsetilbodet til flyktningar og asylsøkjarar har ført til at Hordaland fylkeskommune har laga ei samarbeidsavtale mellom tannhelsetenesta og statlege mottak.
Klar ansvarsfordeling
– For å sikre eit betre tannhelsetilbod har vi utarbeidd ein avtale med klar ansvarsfordeling mellom statlege mottak og dei offentlege tannklinikkane. Kvart mottak skal ha ein kontaktperson som er ansvarleg for samhandlinga med tannklinikken. Vi har og utarbeidd eit registreringsskjema med relevant pasientinformasjon. For å kunne yte så god tannhelseteneste som mogeleg, må vi vite kva språk pasienten snakkar, om det er behov for tolk, kva sjukdomar pasienten har etc.
Brosjyre på 10 språk
For å informere om tannhelsetilbodet har tannhelsetenesta utarbeidd ein enkel brosjyre på 10 språk med kort og lettfatteleg tekst. Ein ny brosjyre er og under utarbeiding. Den skal gå til asylsøkjarar og innvandrarar som søkjer arbeid.

– Innvandrarar har meir hol i tennene enn etnisk norske, seier Ingfrid Vaksdal Brattabø, rådgjevar i den offentlege tannhelsetenesta i Hordaland, som har gått i bresjen for å betre informasjonen til innvandrarar.
Informasjon om konferansen "I samme båt" arrangert av IMDi i Bergen 18. og 19. november 2010
Meir om Hordalandsmodellen og Hordaland fylkeskommune si satsing på tverrkulturell kompetanse