Fylkesutvala i Rogaland og Hordaland fylkeskommunar gjorde den 26.10.2010 og den 27.10.2010 vedtak om å sende forslag til planprogram for Regionalplan for areal og transport for Haugalandet til offentleg høyring med høyringsfrist 10. januar 2011.
Planprogrammet gjev ei oversikt over korleis planarbeidet skal gjennomførast og kva problemstillingar som regionalplanen skal finne løysingar på. Hovudtema i planen omfattar regional samhandling, nærings- og kompetanseutvikling, by- og stadutvikling, arealbruk og transportløysingar og regional grønstruktur.
Brei høyringsprosess
Før planprogrammet blir vedteke av fylkestinga i Rogaland og Hordaland, skal det på brei høyring til kommunar, statlege verksemder og aktuelle interesseorganisasjonar. Vi ynskjer i tillegg at andre privatpersonar og instansar som ikkje står på høyringslista også skal gje innspel til planprosessen og dei tema som skal bli tekne opp i regionalplanen.
Innspel til planprogrammet skal sendast til Rogaland fylkeskommune firmapost@rogfk.no
Svarfrist: 10. januar 2011.
Spørsmål kan rettast til Regionalavdelinga i Hordaland fylkeskommune.
E-post: regionalavdelinga@post.hfk.no
Telefon: 55239282
Programmet vert og lagt ut på Rogaland fylkeskommune si nettside om pågåande planarbeid
Tidlegare oppslag om planarbeidet