Ny tannklinikk på Osterøy

Auka effektivitet i pasientbehandlinga og eit større og meir attraktivt fagleg miljø. Det vonar fylkestannlegen skal verta gevinsten ved å samla tannklinikkane på Osterøy i eitt lokale i kommunesenteret Lonevåg.


Dei tilsette ved tannklinikken i Osterøy: fv. Nina Nyheim, Wenche Jørgensen, Charlotte Knutsen, Tove Strømme, Bjørn Abrahamsen og Monica Landsjø. I stolen overtannlege Stein O. Moe i tanndistrikt Nord. (Foto: Liv Strømme) 

Den nye tannklinikken er samlokalisert med Osterøy vidaregåande skule. Klinikken vart ikkje ferdig til opninga av nyeskulen i haust, men har likevel vore i drift nokre månadar. Tirsdag denne veka vart det halde ei uformell samling for å markera at tannhelsetenesta i Osterøy no er samla under eitt tak.

Meir effektiv drift

- Samlokaliseringa er ein vinn-vinn-situasjon. Elevane slepp å ta bussen til tannlegen og skulen har fått eit større bygg, meinar rektor Aud Søilen.

Elevane kan no gå rett frå undervisninga når dei har time. Dei slepp vera avhengig av ein buss som sjeldan går. Tannklinikken får eit jamnt tilsig av pasientar gjennom dagen og det vert også rom for endringar i pasientlistene på kort varsel.

 - Vi vonar samlokaliseringa skal bidra til ei meir effektiv drift av klinikken, seier fylkestannlege Inge Magnus Bruvik.

Fagleg miljø


Rikeleg med veggplass: fv. Wenche Jørgensen, Charlotte Knutsen og klinikksjef Monica Landsjø med Hetlandbileta klinikken fekk i gåve frå fylkeskommunen og fylkestannlege Inge Magnus Bruheim. (Foto: Liv Strømme). 

Dei nye lokala er haldne i lyse fargar med innslag av blått. Klinikken har fire behandlingsrom, røntgen, laboratorium og venterom i tillegg til rom for administrativt personale og tekniske rom. To tannlegar og to tannpleiarar vil få arbeidsplassen sin her. I tillegg er det sett av rom til ein praksisstudent innan tannlege- eller tannpleiestudiet. Heile anlegget har eit budsjett på seks millionar kroner.

- No har vi endeleg klart å etablera eit fagleg miljø her på Osteøy. Før sat tannlegane aleine på kvar sin klinikk. Vi vonar samlinga vil betra rektutteringssituasjonen hit til kommunen, seier overtannlege Stein O. Moe i tannhelsedistrikt Nord.

Haus nedlagt

Opninga av den nye tannklinikken inneber at fylketannlegen har måtta leggja ned den tidlegare klinikken i si eiga heimbygd, Haus. Klinikken i Fotlandsvåg skal avviklast innan sommaren 2012.

- Det er lite kjekt å leggja ned tannklinikkar, og eg vart nok ikkje særleg populær i heimbygda mi for denne avgjerda. Å få vera med på å opna denne flotte og funksjonelle tannklinikken er likevel kjekt, sa fylkestannlege Inge Magnus Bruvik i talen sin under den formelle opninga.

1.500 pasientar

Tannklinikken i Lonevåg skal tena dei 7.500 innbyggjarane i Osterøy kommune. Pasientlista tel vel 1.500 namn, mest ungdomar og eldre, men og eindel vaksne, betalande pasientar.

Liv Strømme 10.11.2010 12:39
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart