Mobiliserer kulturkraft i Hordaland

Hordaland skal verta eit konkurransedyktig kulturelt tyngdepunkt i nasjonal og internasjonal samanhang. Fylkeskonferansen for kultur og idrett 10. – 11. november vil markera starten på arbeidet med ein ny kulturstrategi som skal samordna ressursbruken i f

 

Bybanen sett frå ein kulturell ståstad
Bybanen sett frå ein kulturell ståstad. (Foto: Ann Steindal/Hordaland fylkeskommune).

Hordaland og Bergen sin posisjon som kulturelt tyngdepunkt nummer to i norsk samanhang utfordrar fagfolka så vel som for politikarane i Kultur- og ressursutvalet i fylket. Betre samordning av ressursane – både dei menneskjelege og dei økonomiske – vil styrkja Hordaland og Vestlandet si rolle i norsk og internasjonal samanhang, er det semje om.

Kulturkraft

Idrettsanlegg, bibliotek og museum er viktige samlingspunkt i lokalsamfunna. Slik utgjer kulturen ei minst like viktig drivkraft for samfunnsutviklinga som vegar og skular. Likevel har kulturinstitusjonane si rolle som regionale utviklingsaktørar til no vore lite synleg. Fylkeskonferansen skal bidra til å tydeleggjera kulturen si rolle og leggja grunnlag for eit felles strategisk arbeid for kultur- og idrettssektoren.

Ulike statlege organisasjonar løyver i dag mykje pengar til kulturinstitusjonane i Hordaland og Bergen, utan at fylkeskommunen verken har oversikt eller kontroll over ressursbruken. Å få utarbeida ein slik oversikt vil vera første steg på vegen mot å demma opp for den statlege sentraliseringa og byråkratiseringa av kulturmidlane.

Verdiskaping

Kultur er eit viktig innslag i kvardagen til oss alle, frå frivillig sektor via utøvande kunstnarar og kulturinstitusjonar til næringslivet. Kulturpolitikken legg føringar for ein viktig del av verdiskapinga i fylket. Målet er at flest mogeleg utøvarar skal kunna bu og leva av kultur i fylket.

Vertskap for konferansen er Kultur- og ressursutvalet i Hordaland. Det inneber at dei politiske utfordringane på kultur- og idrettssektoren vil verta synleggjorte i langt sterkare grad enn dei faglege dei to dagane konferansen varer.

Program

Dag 1 vert det lagt opp til tre parallelle sesjonar, med tema: ”Idrett og friluftsliv: Reformar – rot, bot eller betring”, ”Museum: Nye trendar i musea – politikk for framtida” og ”Bibliotek: Nytt løft for biblioteka – strategiar for framtida”.

Dag 2 vil ha ei overordna strategisk tilnæring, med antyding om framtidige vegval.

Den strategiske tilnærminga fengjer. Før helga hadde meir enn 250 personar meld si interesse for å delta på fylkeskonferansen for kultur og idrett.

For meir informasjon, kontakt Helge Andre Njåstad, leiar for kultur- og ressursutvalet, tlf. 957 97 021.

08.11.2010 14:53
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart