Kulturarbeidarprisen vert gjeve til personar, lag eller organisasjonar som har utmerkt seg gjennom ein eineståande innsats med stor tyding for kulturlivet i fylket. Prisen er meint som ei oppmuntring til kulturarbeidarar som legg ned tallause timer og krefter i arbeidet. Det er i år sjette gong prisen vert utdelt. Prisen vert lyst ut offentleg, og dei innmelde kandiatane vert vurdert i ei nemnd
Trygve Nipen (th) får tildelt Kulturarbeidarprisen 2010 frå
Helge Andre Njåstad, leiar for Kultur- og ressursutvalet i Hordaland.
og vedteke av politikarane i Kultur- og ressursutvalet.
Mange initiativ
Trygve Nipen har betydd mykje for kulturlivet i Sund og på Sotra gjennom ulike initiativ – gjennom mange år. Etter at han vart pensjonist for eit par år sidan har han verkeleg vorte ein stor ressurs i kulturlivet. Han har difor også vore heidra med Sund kommune sin kulturpris i år.
Telavåg
Hovudaktiviteten har hatt utgangspunkt i heimbygda Televåg. Saman med Nordsjøfartsmuseet og Sund kommune har han vore sentral i restaureringsarbeidet av kulturminnar i Telavåg, både i forhold til planlegging og dugnadsinnsats. Selstøbuene, Selstøkvema var det einaste som stod igjen etter Telavåg-tragedien. Den gamle gravstaden i Telavåg var også ein bortgjøymt hemmeligheit - Kyrkjegarden ved havet - før Nipen og de andre i prosjektet vart involvert.
Trygve Nipen har vore ein av eldsjelane bak ”Perler i Nordsjøløypa”, eit prosjekt som også har kome Fjell og Øygarden til gode.
Nordsjøløypa
Som leiar for Nordsjøløypegruppa ”Ut mot havet” har han påteke seg alle typar oppgåver, frå søknadsskriving, dokumentasjon av kulturminne til rydding og merking av løypa frå Golta i Sund til Kallestad i Fjell. Han har og teke initiativ til ulike kulturelle, sosiale og reiselivsrelaterte tilskipingar med tilknyting til kulturen og kystlandskapen løypa går gjennom.
Ein ressurs-pensjonist
Vinnaren av Hordaland fylkeskommune sin kulturarbeidarpris for 2010 er ein av dei som pensjonerer seg for å få tid til å jobbe meir med kultur. Vi håper at denne kulturprisen også kan inspirere andre. Vi treng mange aktive kulturpensjonistar i kommunane rundt om i fylket! Gratulerar, sa Helge Andre Njåstad, leiar for Kurltur- og ressursutvalet i helsingstalen sin.