
Kultur- og ressursutvalet i Hordaland vil frede Odda smelteverk. (Foto: Ann Steindal)
På verdsarvlista
Utvalet understrekar behovet for ein balansert etterbruk av smelteverkanlegget, basert på ei heilskapleg tilnærming, og som ikkje reduserer kulturminneverdiane. Kulturminneverdiane og arbeidet for å få industrikulturen i Tyssedal og Odda ført opp på verdsarvlista set viktige premissar for utviklinga.
Må ta omsyn til Odda kommune
Men utvalet konstaterer at fredingsforslaget ikkje i stor nok grad ivaretek Odda kommune sitt synspunkt i saka. Ut frå hastemomentet i saka ber difor utvalet om at Riksantikvaren ved den endelege avgjerda legg vekt på Odda kommune sitt standpunkt og såleis trygge brei lokal oppslutning for fredinga.
Dialog med eigarane
Utvalet vil oppmode Riksantikvaren til ein aktiv dialog med eigarane og Odda kommune for å kome fram til ei felles løysing som ivaretek både industriarven og ny utvikling av smelteverktomta.
Kulturhistorisk verdifullt
Hordaland fylkeskommune har utarbeidd fredingsforslaget for å ta vare på smelteverket som eit teknologihistorisk, arkitekturhistorisk og kulturhistorisk verdifullt døme på dei kraftkrevjande industrianlegga frå byrjinga av 1900-talet. Fredinga skal ta vare på dei attverande hovudelementa i anlegget.
På UNESCO si verdsarvliste
Hausten 2009 vart Odda-Tyssedal ført opp som forslag frå Noreg på UNESCO si verdsarvliste, saman med Rjukan og Notodden. Fredinga skal sikre dei vesentlege kulturminneverdiane som gjer Odda aktuell for plass på verdsarvlista. Fredinga skal styrkje det unike med Odda, leggje til rette for å vidareføre særpreget til Odda, og fremje ei langsiktig og god utvikling der næringsutvikling skjer på premissane til kulturminnet.
Saka går vidare til fylkesutvalet 8. desember.