Start i 2009
– Arbeida har gått svært godt sidan oppstart i september 2009, seier Harkestad.
Drivinga av Jondalstunnelen går svært godt.
Onsdag 24. nov. er halve tunnelen utsprengt.
Entreprenøren, Kruse Smith AS, starta anleggsarbeida etter kvart som nødvendige avklaringar kom på plass. Arbeida er utført på fleire frontar; sjølve Jondalstunnelen er driven frå begge endar – frå Nordrepollen i Kvinnherad og frå Torsnes i Jondal kommune.
Første salve på Jondalstunnelen var i Nordrepollen (Kvinnherad) 3. november 2009. Frå Jondalssida starta tunneldrivinga 7. april 2010.
Det er også utført omfattande arbeid med vegutviding i Nordrepollen og bruarbeid på Torsnes. Også arbeidet med «Torsnestunnelen» er godt i gang.
Godt prosjekt
– Alt ligg vel til rette for at vi både ut frå tid og økonomi skal få eit godt prosjekt, seier prosjektleiar Harkestad. – Det har vore gode forhold under tunneldrivinga og pengar og tid er spart som følgje av at fjellet så langt har vore betre enn føresett.
Tidlegare opning?
– Det ser ut til at avtalt dato for opning av prosjektet i august 2013 kan framskundast, noko vi veit meir om når resten av tunnelen er ferdig sprengt, seier prosjektleiaren.
Lenkje
Meir om Jondalstunnelen
Kontaktperson i Statens vegvesen
Prosjektleiar Rolf Harkestad tlf.: 950 88 780