Fylkesbudsjettet 2011: Styrkjer kultur, samferdsel og reiseliv

Vel 11 mill. kr meir til kultur, 5 mill. kr til styrking av samferdsel, 2,5 mill. kr til reiseliv og 1,75 mill. kr meir til opplæring er påplussingar fleirtalet i fylkesutvalet (H, Frp, Krf) går inn for samanlikna med budsjettgrunnlaget frå fylkesrådmanne

I alt utgjer dei tilrådde endringane 20,72 mill. kr.

Forslaget som er tilrådd er fellesforslag frå Høgre, Fremskrittspartiet og Kristeleg folkeparti. Forslaget er tilrådd med dei åtte røystene til dei tre partia. Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Venstre og Sosialistisk venstreparti fremja eigne forslag som kvar fekk forslagstillarane sine røyster.

Fylkestinget skal vedta budsjettet 14.-15. desember.

Kultur

Arena USF

Den største påplussinga til kultur er 5 mill. kr meir til Arena USF som då får 7 mill. kr i 2011. Medrekna 2 mill. kr som er løyvd i 2010 og 4 mill. kr som er planlagt løyvd i 2012 vil fylkeskommunen sitt tilskot verta på 13 mill. kr.

Oseana

I tilskot til Oseana-prosjektet i Os er tilrådinga 2,5 mill. kr i 2011. Medrekna tidlegare løyvingar vert samla fylkestilskot til dette 11,5 mill. kr.

Grieghallen

I tilskot til planlegging av Grieghallutbygginga vert det løyvd 1 mill. kr.

Rallarvegen

Eit heilt nytt tiltak er opprusting av Rallarvegen. Fylkesutvalet går inn for å løyva 1 mill. kr i 2011 og ein ynskjer også å utfordra Sogn og Fjordane fylkeskommune til å løyva midlar til opprusting, då ein del av vegen litt i deira fylke.

Andre kulturtiltak

Vídare vert kulturbudsjettet styrkt med i alt 1,87 mill. kr fordelt på ei rekkje postar.

Løyvinga til Røldal pilgrimsenter vert auka med 250 000 til 550 000 kr. Skrivekunstakademiet får 250 000 kr meir og i alt 1 935 000 kr. Hordaland idrettskrets får 100 000 kr meir og i alt 2,84 mill. kr i 2011.

Andre påplussingar:

Museum 300 000 kr 
Hordland husflidslag 100 000 kr
Fossegrimen 70 000 kr
Fjellberg gamle prestegard 50 000 kr
Baroniet 150 000 kr
Tuba-prosjekt mot vold 150 000 kr
Friluftsliv, etablering friluftsråd 250 000 kr
Barn og unge, aktivitetstilskot 200 000 kr

Samferdsel

H/Frp/KrF, fleirtalet i fylkesutvalet, går inn for å setja av 3 mill. kr til renter og avdrag på lån som skal takast opp for å rusta opp (vegoppgradering) fylkesvegar. Det vert rekna med at dette betyr 30 mill. kr ekstra til slike tiltak i 2011.

Til å følgja opp tiltaket med utdanning av bussjåførar for styrkja tilgangen på nye sjåførar vert det løyvd 2 mill. kr.

Opplæring

Innan vidaregåande opplæring vert det plussa på 1 mill. kr til bibliotekplanen, 500 000 kr til OT/PPT og 250 000 kr til leksehjelp/sommarskule for å koma i gang med nye tiltak i tillegg til i Bergen og Askøy.

Reiseliv

Til regional utvikling vert det plussa på 2,5 mill. kr til Fjord Norge til felles marknadsføringstiltak av Vestlandet. Samla løyving til Fjord Norge vert då 3,97 mill. kr i 2011. Løyvinga til Vil Vite vert auka på 100 000 kr til 3,47 mill. kr.

Inndekking

Påplussingane på 20,72 mill. kr vert finansiert ved at 11 mill. kr i ubrukte midlar vert disponert. Kostnaden med ferje nr. 2 til Austevoll vert 2,65 mill. kr lågare enn lagt inn i budsjettgrunnlaget. Innsparingar på ei rekkje postar skal samla gje ca. 7 mill. kr.

Takstane for tannbehandling av vaksne betalande vert auka med 10 %, noko som skal gje 1 mill. kr i meirinntekter.

Mellom postar som vert kutta er: 1 mill kr til ekstraordinære utgreiingar i regi av kontrollutvalet. 500 000 kr til stilling ved arkivet går ut og det vert kutta 500 000 kr i ekstraordinært vedlikehald. Innsparing knytt til enøk-tiltak er budsjettert med 1 mill. kr.

Gratis kaffi i kantina i Fylkehuset skal det verta slutt på. Det skal gje ei innsparing på 800 000 kr.

Tilrådde verbalforslag

Fremskrittspartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti sette fram verbalforslaga nedanfor. Desse er tilrådde med dei 8 røystene til desse partia.

Skulebruksplan

• Starte arbeidet med en skolebruksplan for Hordaland Fylkeskommune, der avklaringen i forhold til et eventuelt nybygg ved Austrheim videregående skole blir gitt prioritet.

Realfag og maritim næring

• Forsøk med toppklasser i realfag. Hordaland fylkeskommune har i dag stor aktivitet innenfor fornybar energi, maritim virksomhet, og marine næringer. Behovet for kompetent arbeidskraft er enn viktig forutsetning for videre verdiskaping og innovasjon, og grunnlaget for denne kompetansen ligger i å være god på realfag.
For å styrke rekrutteringen til næringen ønsker fylkestinget å iverksette et forsøk, etter modell frå St. Olav videregående skole i Rogaland og Vardafjell videregående skole i Haugesund, med toppklasser innen realfag, der elever i 2. og 3. årskull gis ekstra utfordringer blant anna ved å tilby forsknings- og undervisningstid i samarbeid med næringsliv, høyskoler og universitet. Forsøket evalueres etter tre år.

Anonyme prøvar

• Det iverksettes et prøveprosjekt med anonyme heldagsprøver ved tre videregående skoler i Hordaland første halvår 2011. Evalueringsrapport etter endt forsøk oversendes Opplæring og helseutvalget.

Bindingstid sjåførar

• Deltakere i sjåføropplæringstilbudet som er finansiert av Hordaland Fylkeskommune må akseptere en bindingstid etter endt kurs. Det tas sikte på å benytte intern kompetanse ved de videregående skolene i opplæringen. Det forutsettes at opplæring og finansiering koordineres med NAV.

Sotrasambandet

• Fylkestinget ønsker fortgang i fremdriften for Sotrasambandet. Dette er en av veistrekningene med størst køproblemer, og er av stor regional betydning. Fylkestinget vil at prosjektstart skal skje så snart praktisk mulig.

Ferjefri E39

• Fylkestinget går inn for at det velges en fergefri trase for Kyststamvegen E39 mellom Leirvik og Bergen som ledd i det nasjonale prosjektet med fremtidig fergefri kyststamveg langs vestlandet. Fylkestinget går bort fra alternativet med ferge fra Våge til Os, og vil i det videre arbeide for den fergefrie løsningen. Fylkestinget forutsetter at E39 Svegatjønn-Rådal startes opp i 2012 og ferdigstilles i tråd med plan.

Forslaga

I fylkesutvalet fremja fleirtalskoalisjonen H-Frp-KrF eit felles budsjettforslag som er tilrådd med dei åtte røystene til desse partia.

Arbeidarpartiet, Venstre, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti fremja alle kvar sine budsjettforslag. Kvart av desse forslaga fekk forslagstillarane sine røyster i fylkesutvalet.

Budsjettforslaga

Budsjettforslag frå Høgre-Fremskrittspartiet-Kristeleg Folkeparti (pdf-fil)

Budsjettforslag frå Arbeidarpartiet (pdf-fil)

Budsjettforslag frå Sosialistisk venstreparti (pdf-fil)

Budsjettforslag frå Senterpartiet (pdf-fil)

Budsjettforslag frå Venstre (pdf-fil)

Budsjettdokumenta

Lenkje til budsjettdokumenta 2011, økonomiplan 2011-14

Pressemeldingar frå fylkesutvalet 24.-25. nov. 2010

Pressemelding om fylkesbudsjettet (pdf)

Pressemelding andre saker i fylkesutvalet 24.-25.11.2010 (pdf-fil)

Stanley Hauge 25.11.2010 14:10
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart