
– Vi hadde mykje erfaringsutveksling og knytta nettverk med deltakarar frå andre land, seier Karl-Erik Strøm Skogseid, leiar av Ungdommens fylkesutval i Hordaland (tv.) og Lars Arne Nilsen, konstituert nestleiar. (privat foto tatt i Sveits)
18 år og går i tredje klasse
AER er eit uavhengig nettverk av europeiske regionar som Hordaland fylkeskommune er med i. Leiar av Ungdommens fylkesutval i Hordaland, Karl-Erik Strøm Skogseid og konstituert nestleiar Lars Arne Nilssen representerte Hordaland. Begge er 18 år og går i tredje klasse ved Sandsli videregående skole og Bergen katedralskole.
Gode transportsystem kan få små regionar til å blomstre
– Det faglege temaet var mobilitet. Vi fekk høyre korleis politikarar og forskarar løyser felles problem for regionane. Vi lærte mykje om korleis transportsystem fungerer og korleis gode transportsystem kan få små regionar til å blomstre. Ute i Europa er det sterk politisk vilje til å byggje ut infrastruktur. Dei har sterkare vilje enn hos oss og brukar ein større del av fellesskapet sine pengar til å byggje ut infrastrukturen, seier Strøm Skogseid.
Lærte om andre kulturar
Lars Arne Nilssen fortel at det var nyttig å lære om andre kulturar.
– Vi vart kjende med dei andre deltakarane og regionen vi budde i i Sveits. Vi lærte om kultur og demokrati i andre land. Vi hadde mykje erfaringsutveksling med deltakarane frå andre land og knytta nettverk med deltakarar frå mellom anna Sverige, England, Tyskland og Austerrike.
Ungdomspolitikarar er unikt for Skandinavia
150 ungdomar og vaksne politikarar og tilsette i forvaltninga deltok på samlinga. 40 var frå Noreg og Sverige. Aldersgrensa er 18 år.
– Det er annleis med ungdomspolitikarar i Skandinavia enn ute i Europa. Det finst ikkje ungdomspolitikarar nedover i Europa. Ungdomspolitikarar er unikt for Skandinavia.
Såg på dei nye toga til NSB
I tillegg til debattar og erfaringsutveksling fekk deltakarane sjå seg om i Sveits, mellom anna vitja dei firmaet Staedler som skal levere dei nye toga til NSB.
– Vi vil tilrå andre å delta. Vi lærte mykje om mobilitet og infrastruktur og om kulturen i andre land i Europa, seier Karl-Erik Strøm Skogseid og Lars Arne Nilssen som fekk reise og opphald dekka.