Eit stort steg nærare ferjefri E39

Regionvegsjef i Statens vegvesen Olav Ellevset sluttar som vegsjef for å konsentrera seg om prosjektet "Ferjefri E39".

Slutter som regionvegsjef for å sikra ferjefri E39Vegdirektoratet varslar om sjefskifte i Statens vegvesen. Regionvegsjef i region vest, Olav Ellevset, fråtrer stillinga 1. mars neste år. Ellevset skal då ta ansvaret for prosjektet 'Ferjefri E39'.

Sterkt fokus

- Ved at han tek dette ansvaret, vil vi får eit sterkt fokus på denne samfunnsutfordringa, seier vegdirektør Terje Moe Gustavsen i ei pressemelding.

- Dette er et viktig gjennombrot i Vestlandsrådet sitt langsiktige arbeid med ein ferjefri kyststamveg på Vestlandet. At Olav Ellevset med si erfaring og kunnskap skal bruka heile arbeidsdagen sin på dette prosjektet er eit stort og viktig steg nærare ferjefri E39 på Vestlandet, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg i Hordaland.  

Ny offensiv

Vestlandsrådet lanserte sin nye offensiv for ferjefri E 39 på Mortavika ferjekai i oktober i år.

- Dette er ein ny offensiv frå eit samlet Vestland. Analyser viser at en ferjefri kyststamveg lar seg realisera. No må regjeringa investera i infrastruktur, sa leiar av Vestlandsrådet Olav Bratland under lanseringa. 

Felles satsing

Vestlandsrådet vedtok i februar ein ny plattform av prioriterte politiske utfordringar som rådet skal arbeida videre med. Plattformen byggjer på ein ny samarbeidsavtale mellom dei fire fylkeskommunane Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Plattform og avtale er forankra i dei respektive fylkestinga.

- Vi har fått ny giv og tru på at eit samarbeid vil styrkja og gje ein mer tydeleg stemme frå Vestlandet, i både nasjonal og internasjonal politikk, forklarar Bratland.

12.11.2010 23:30
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart