Bygg tettare!

Omsynet til klimaet tilseier at hordalendingane må byggja tettare, særleg i Bergensområdet. Fylkesmann Lars Sponheim slo an tonen under opningsføredraget til Plankonferansen i Hordaland 2010, og fekk attklang frå fleire av dei andre talarane. Bybane-trase

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg og fylkesmann Lars Sponheim opna Plankonferansen Hordaland 2010Fylkestinget i Hordaland har nyleg vedteke klimaplan for fylket. Planen legg opp til 65 prosent reduksjon av utsleppa av klimagassar i fylket innan 2050, samanlikna med 1991-nivå.

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg og fylkesmann Lars Sponheim - samde om klima under opninga av Plankonferansen i Hordaland 2010. (foto: Liv Strømme)

Korleis planleggjarane i Hordalandskommunane skal følja opp klimaplanen i praksis var overordna tema for konferansen som hadde tittelen ”Kommunal planlegging for attraktive, klimavenlege bustadområde”. Hordaland fylkeskommune, saman med fylkesmannen i Hordaland og Husbanken stod bak tilskipinga. Totalt 220 deltakarar fann vegen til Bankettsalen i Raddison Blu Hotel Norge i Bergen 1. og 2. november.

Største smeltedigelen i landet

- Hordaland fylkeskommune har eit høgt ambisjonsnivå i klimarbeidet. Klimaplanen har klare politiske mål og har vekt stor interesse, sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg i innleiingshelsinga si.

Utbyggingspresset i Bergensområdet, og forureiningsproblemet i Bergen sentrum, var to tema som gjekk att, og som fleire av talarane valde å sjå i samanhang.

- Bergensområdet er ein av dei største smeltediglane i landet. Eit vekstområde med mange og store utfordringar. Areal vert snart ein knapphetsfaktor. Særleg kommunane vest for Bergen er under press frå utbyggjarar. På samferdslesektoren er det behov for meir overordna planlegging og styring utover kommunenivå. Fylkeskommunen er rette instansen til å gripa tak i desse problemstillingane, elles kan det gå heilt gale, understreka fylkesmann Lars Sponheim.

Effektiv arealbruk

Bergen er ein sjeldan vidstrakt by. Berre ti prosent av innbyggjarane bur i sentrum. Resultatet er ein ekstremt transportkrevjande infrastruktur, med meir enn 50.000 bilar mellom Åsane og Sentrum dagleg.

- Ein kommuneplan som vektlegg miljø må leggja opp til ei betydeleg fortetting, også i kontroversielle områder. Vi må ta i bruk dei politiske verkemidla som er naudsynt slik at vi kan få til ei bustadbygging med 40 prosent i periferien og 60 prosent i sentrum. Forutan Bybanetraseen er Fjellsiden det området som peikar seg ut for fortetting. Ei utbygging på Fjellsiden vil plassera bustadane over forureiningslokket, med mykje lys og utsikt, hevda Sixten Rahllf, assisterande rektor ved Bergen Arktitektskole.

Politisk mot

- Ei gjennomføring  av ein slik bustadpolitikk vil krevja politisk mot. Husk berre at dei mest attraktive buområda i framtida vil kombinera bustad og jobb, la Rahllf til.

Både fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen og Gudrun Mathiesen, klima- og naturressurssjef i Hordaland fylkeskommune var samd i at det må til ei dramatisk endring av utbyggingsmønsteret i Bergensområdet.

Gulrot og pisk

- Vegtrafikken står for halvparten av utsleppa av CO2 og klimagassar, om vi ser vekk frå utsleppa frå olje- og gassverksemda. Beste klimatiltaket vil vera ein effektiv arealbruk som reduserer behovet for reising. Då vil vi samstundes kunna stimulera til meir miljøvenleg transport og unngå å byggja ned verdfulle areal, sa fylkesvaraordføraren.

Nilsen er villig til å ta i bruk både gulrot og pisk for å redusera utsleppa frå vegsektoren. Betre kollektivtilbod og lågare takstar skal lokka fleira til å reisa kollektivt. Køprising og restriksjonar vil og vera effektive verkemiddel.

Bustadbehovet i Fjell, Os og Askøy

Scenarier med stort spenn i folketalsutvikling og bustadbehov i Fjell, Os og AskøySpørsmålet om kor mange nye bustadar kommunen må planleggja for, er kommuneplanleggjaren sitt dilemma. Ulf Johansen frå Sintef har nytta dataverktøyet ”Panda” til å utvikla fire ulike scenarier med grunnlag i endringar i fødselstal, innanlands mobilitet, innvanding og levealder. Han har nytta modellen til å  talfesta usikkerheten i Fjell, Os og Askøy.

Fjell er  kommunen med størst usikkerhet i folketalsutviklinga. Forventa behov for nye bustadar i henhald til SSB sine prognosar utgjer i underkant av 200 i året. Tek folketalsveksten heilt av, kan behovet auka til 260 bustadar i året.

Ulf Johansen har utvikla alternative scenarier for folketalsvekst og behov for bustadbygging i Fjell, Os og Askøy. (foto: Liv Strømme)

Slår folketalsvektsen feil, eller tilflyttarane vel å slå seg ned i mindre utbygde nabokommunar, risikerer kommunen at behovet for nye bustadar vert redusert til 125 i året.

I Os vil variasjonen mellom høg og lav folketalsvekst innebera eit spenn i bustadbehovet frå 50 til 130 nye einingar i året i 2030. I Askøy vil ein høg folketalsvekst innebera eit behov for 200 nye bustadar i året. I motsett fall kan bustadutbygginga koma til å verta redusert til ned mot 20 einingar.

Arealbehov?

Kor store areal må avsetjast til bustad- og næringsutvikling i offentlege planar dei komande 20 åra for at vekstbehovet i Bergensområdet skal kunna tilfredstillast?

Avhengig av folketalsutviklinga og politiske føringar for val av hustype, vil svaret variera veldig. Ved å auka andelen blokkleiligheter gjennom offentlege reguleringar vil det totale arealbehovet verta redusert. Politiske vedtak i Oslo og Akershus om høg blokkandel samanlikna med den hustypefordelinga som har vore vanleg siste tiåra, vil kunna redusera arealbehovet for framtidige utbyggingar med 41 prosent. Skjer storparten av nybygginga i form av fortetting, vil behovet for nytt areal verta redusert ned mot null, framgjekk det av innlegget til Rolf Barlindhaug, forskar ved Norsk institutt for by- og regionsforsking (NIBR).

Overordna styring

Den nye plan- og bygningslova opnar for overordna styring både når det gjeld val av hustype, og når det gjeld avsetjing av areal til ulike føremål. Som ein av fedrane til den nye lova, lova Sponheim at han også kjem til å sjå til at regelverket vert overhalde:

- Hordaland er Norgesmeistrar i dispensasjonssaker. Det skal framleis vera høve til å gje dispensasjonar i saker der det er naudsynt å ta omsyn som ikkje vert føresett i lovverket, men det må ikkje vera eit tiltak ein nyttar i det daglege, sa fylkesmann Lars Sponheim.

 Her finn du alle innlegga frå Plankonferansen i Hordaland 2010

Liv Strømme 04.11.2010 14:37
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart