Behov for større differensiering i strandsonepolitikken

- Rapporten frå pilotprosjektet med differensiert strandsoneforvaltning i Sunnhordland dokumenterer at den tilgjengeleg strandsona innbyggjarane har til disposisjon i Sunnhordland er dobbelt så stor som det talmaterialet frå SSB viser. Dette understrekar


Rapporten viser at miljøverndepartementet sine framlegg til retningsliner for standssoneforvaltning i Sunnhordland er basert på synsing, seier fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen i Hordaland.

Nær tre fjerdedelar av strandsona i Sunnhordland kan reknast som inngrepsfri. Halvparten er tilgjengeleg for friluftsbruk for innbyggjarane, viser rapporten som vart offentleggjort i dag.

Pilotprosjektet i Sunnhordland har blitt realisert i nært samarbeid med kommunane, Hordaland fylkeskommune og fylkesmannen i Hordaland.

Rosar Samarbeidsrådet

Fylkesvaraordføraren rosar Samarbeidsrådet i Sunnhordland for å ha gjort ein kjempejobb med å dokumentera det faktiske omfanget av inngrepsfri og tilgjengeleg strandsone i dei åtte kommunane. Han er slett ikkje overraska over konklusjonane:

- Dette visste vi som ofte ferdast med båt i området. No har vi endeleg fått det dokumentert.

Store avvik

Største avviket mellom den faktiske situasjonen og offisielle tal finn vi i Fitjar og Bømlo. Begge kommunane står på miljøverndepartementet si liste i høyringsutkast over kommunar som skal praktisera same strenge retningslinjene for utbygging i strandsona som dei som gjeld i Oslofjorden. Pilotprosjektet har dokumentert at meir enn 80 prosent av strandsona i begge kommunane framleis kan reknast som inngrepsfri, og at over enn 60 prosent av strandsona er tilgjengeleg for fritidsbruk for innbyggjarane. Ved å rekna øyar utan fastlandssamband som del av strandsona, og samstundes akseptera ein noko høgare hellingsgrad, får Fitjar kommune dobbelt så mykje tilgjengeleg strandsoneareal som det SSB går ut med.

Øyane viktig del av strandsona

- Vestlandsskjergarden har stort innslag av veglause øyar. Øyane utgjer ein viktig del av strandsona. Dette viser at miljøverndepartementet sine framlegg til retningsliner for standssoneforvaltning i Sunnhordland er basert på synsing. Miljøverndepartementet legg opp til ei einsidig skjerping av strandsonepolitkken ut frå nærleik til Bergen/Haugesund og byggjepress målt i interesse for bustad- og fritidshus i strandsona. Det er ikkje lokalt eller regionalpolitisk ønskjeleg å jamstella delar av Hordalandskysten med Oslofjorden. Her må vi opna for ei sterkare lokal differensiering i utbyggingspolitikken, seier Nilsen.

Attraktive lokalsamfunn

- Fleire av kommunane i Sunnhordland slit med lav vekst i folketalet. Hordaland fylkeskommune er oppteken av å legga til rette for attraktive lokalsamfunn. I øy- og kystkommunar medverkar høve til bustadbygging i strandsona til å gjera ei bygd attraktiv, seier Nilsen.

Fylkesvaraordføraren oppfordrar kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete om å gjera det mogeleg for andre kommunar, både i Hordaland og i andre kystfylker, å utarbeida tilsvarande tilstandsrapportar.

For meir informasjon, kontakt fylkesvarordførar Tom-Christer Nilsen, tlf. 924 50 196

Liv Strømme 12.11.2010 12:14
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart