Behov for 20.000 hospitantjobbar

For at elevane i ungdomsskulane i fylket skal kunna testa ut opplærings- og yrkesvala sine er det behov for 20.000 hospitantjobbar i Hordaland. - Eit glimrande høve for næringslivet til å marknadsføra seg ovanfor framtidige arbeidstakarar, seier fylkesord


Fagarbeidar Ole Mjånes (bak) byrja i Intermec AS som elev for ti år sidan. Dagleg leiar Noralf Andreassen har god erfaring med å rekruttera framtidig arbeidskraft i ung alder. Fylkesordførar Torill selsvold Nyborg framhevar både Intermec og Askøymodellen som gode eksempel på samarbeid skule - næringsliv. (foto: Liv Strømme)  

Alle ungdomsskuleelevane i fylket har rett på tre dagar rell arbeidstrening ute i næringslivet i løpet av niande klasse. Tilbodet er ei vidareføring av den velkjende ”arbeidsveka”, der det vert understreka at praksisen skal gje ungdomane sjansen til å testa ut sine framtidige utdannings- og yrkesval. På denne måten vil dei og kunna få eit realistisk inntrykk av kva forventningar og krav dei vil møta ute i arbeidslivet.

Alle elevane i ungdomsskulen, ikkje berre dei 2500 – 3000 som skal ut i læreplass, har godt av å få prøva om draumeyrket og arbeidslivet svarar til forventningane, og kva krav dei vil verta møtt med etter avslutta skulegang. Utplasseringa skjer i ungdomsskulen. Skal alle elevane få prøva seg, treng vi 20.000 slike hospitantjobbar ute i næringslivet i Hordaland.

Rett kompetanse

- Det er viktig at ungdomane får sjansen til å finna eit yrke dei både er eigna for og trivest med. Det er samstundes med på å sikra næringslivet motiverte tilsette med rett kompetanse, understrekar fylkesordføraren.

- I strategisk næringsplan for Hordaland har fylkeskommunen påteke seg eit ansvar for å styrka næringslivet sine vilkår på utvalde område der vi alt har eit sterkt utgangspunkt. Opplæring og kompetanse er viktig verktøy for å sikra fylket si framtidige konkurransekraft, seier Selsvold Nyborg.

Askøymodellen

Ein hospitantjobb må tilretteleggjast. Det er ikkje til å stikka under stolen at det krevst litt innsats for ei verksemd som skal tilby hospitantjobbar. Produksjonsverksemda Intermec As på Askøy er ei av dei som har medverka til å utvikla Askøymodellen. Dagleg leiar Noralf Andreassen har gjennom eit mangeårig engasjement for opplæring i bedrift funne det innsatsen verd å satsa på denne rekrutteringsmåten.

Nytt tilbod

Hospitantordninga er eit nytt tilbod i Hordaland. Eit tett samarbeid mellom skule og næringsliv er naudsynt for få dette til. Til det treng vi møteplassar. Rundt om i fylket skjer det mykje spennande arbeid for å skape arenaer for samarbeid mellom skule og næringsliv.  Fleire kommunar har eigne prosjekt på området. Askøy kommune, i samarbeid med Askøy Næringslivsforening har i fellesskap utvikla Askøymodellen, ein modell fylkeskommunen vonar vil fungera som inspirasjon for andre kommunar.

God dialog

- Askøy Næringslivsforening ser svært positivt på samarbeidet mellom skule og næringsliv. Vi har hatt ein svært god dialog med Askøy kommune i denne saka. Den raske utviklinga innan teknologi skapar eit stort behov for kvalifisert arbeidskraft i framtida, noko som vil stilla store krav til skulen om å tilby rett fagtilbod. ANF opplever at medlemmane sine behov vert høyrt i dialog med skulen, og vi gler oss til vidare samarbeid, seier styreleiar Tone Haugland i Askøy Næringslivsforening. 

Einkel administrasjon

- Vi har utvikla dataverktøy som gjer det einkelt både for verksemder som ønskjer å melda inn tilbod om hospitantjobbar og for ungdom som ønskjer å orientera seg om tilbodet og søkja på dei utlyste jobbane, seier Marte Veim, leiar for Senter for yrkesrettleiing (SYR). Senteret står for den praktiske organiseringa kring hospitantjobbane, og driv informasjonsarbeid ovanfor både skular og næringsliv for å auka merksemda kring denne framtidsretta satsinga.

Liv Strømme 02.11.2010 09:22
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart