Hordaland fylkesting vedtok samrøystes å senda følgjande fråsegn til Fiskeri- og kystministeren, Miljøvernministeren og Finansministeren:
”U-864 – kvikksølvet må bort frå havet no!
Hordaland fylkesting er uroa over at regjeringa sår tvil om ei heving av ubåten ved Fedje og går attende på tidlegare lovnader.
Fylkestinget kan forstå at dei alvorlege innvendingane mot hevingsplanen som er reist i rapporten frå Transportøkonomisk Institutt og Dovre Group, treng nærare vurdering. Men rapporten konkluderer ikkje med at heving er mindre gjennomførleg.
I Stortingsproposisjon 81 (2009-2010) kan det sjå ut som om det er god tid til det nye utgreiings- og kvalitetssikringsarbeidet. Eit slikt syn stiller fylkestinget seg sterkt avvisande til.
Fylkestinget vil minna regjeringa om at det er gått 7 år sidan vraket av U-864 vart lokalisert på havbotnen ved Fedje. Kvikksølvlekkasjen frå lasta i ubåten er no rekna til om lag 3 kilo i året. Det er i seg sjølv urovekkjande, og ingen kan heller garantera at ikkje lekkasjen raskt kan auka dramatisk.
Fylkestinget krev at kvikksølvgifta vert fjerna raskt, på ein tryggast mogleg måte og med dei ressursane som er naudsynte for å sikra ei god framdrift.
Vedtaket om heving ligg fast, og fylkestinget krev no rask og effektiv handling slik at arbeidet med å fjerna kvikksølvet frå havbotnen er i gang seinast i 2012, i tråd med Fiskeri- og kystministerens klårt uttalte mål."
Felles forslag frå Ap og SV
Fråsegna om U-864 var eit felles forslag frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti, sett fram av Sigmund Olsnes (Ap) og Aud Karin Oen (SV).
Pressemelding om vedtak i fylkestinget 10. mars 2010 (pdf-fil)