To katten-elevar til OL i realfag

To elevar ved Bergen katedralskole har kvalifisert seg til OL i realfag. Ingrid Eidsvaag skal delta i den internasjonale kjemiolympiadefinalen i Tokyo 19. til 28. juli, og Robert Hagala skal delta i fysikkolympiaden i Zagreb 17. til 25. juli.

Dei fire beste i den norske finalen i kjemi vart Espen Auseth Nielsen (Adolf Øiens vgs., f.v.), Ingrid Eidsvaag (Bergen katedralskole), Lars Moen Strømsnes (Fauske vgs.) og Jonas Tøgersen Kjellstadli (Arendal vgs.)
Dei fire beste i den norske finalen i kjemi vart Espen Auseth Nielsen (Adolf Øiens vgs., f.v.), Ingrid Eidsvaag (Bergen katedralskole), Lars Moen Strømsnes (Fauske vgs.) og Jonas Tøgersen Kjellstadli (Arendal vgs.)

To kvalifiseringsrundar og finale
Begge deltakarane har vore gjennom to kvalifiseringsrundar og norsk finale ved Universitetet i Oslo.
I kjemi vart første runde gjennomført i fjor haust og omfatta ei prøve på halvannan time. 626 elevar frå 81 skular i landet deltok. Dei 160 beste i landet gjekk vidare til 2. runde i januar. Der skulle deltakarane løyse eit oppgåvesett over tre timar. 

Beste skole i landet
Bergen katedralskole vart beste skole i 2. runde med 224 poeng og fekk 7000 kroner i premie til kjemi/naturfagseksjonen. Dei 16 beste i 2. runde gjekk vidare til finalen i mars. I finalen 19. mars ved Universitetet i Oslo gjekk Ingrid Eidsvaag heilt til topps med 80 av 100 oppnåelege poeng.

Dei fem beste i den norske finalen i fysik vart Robert Hagala (Bergen katedralskole, f.v.), Karl Erik Holter (Stabekk vgs.),  Jonas Kjellstadli (Arendal vgs.), Espen Auseth Nielsen (Adolf Øiens vgs.) og Tobias Grøsfjeld (Porsgrunn vgs.)
Dei fem beste i den norske finalen i fysik vart Robert Hagala (Bergen katedralskole, f.v.), Karl Erik Holter (Stabekk vgs.),  Jonas Kjellstadli (Arendal vgs.), Espen Auseth Nielsen (Adolf Øiens vgs.) og Tobias Grøsfjeld (Porsgrunn vgs.)

Finale på Universitetet i Oslo
I første runde i fysikk gjekk 75 vidare til 2. runde. 722 elevar frå 92 skular deltok. I andre runde i februar gjekk 17 elevar vidare til finalen 26. mars ved Universitetet i Oslo. I finalen kom Robert Hagala på 3. plass med 17,5 av 22 oppnåelege poeng. Dei fem beste skal delta i den internasjonale fysikkolympiadefinalen i Zagreb i Kroatia i juli. Robert Hagala deltok også i kjemifinalen i Oslo og kom på 9. plass.

Sidan det var nokre som gjorde det bra i begge dei norske finalane, og dei internasjonale finalane går stort sett samstundes, er dette dei som skal delta for Noreg:

Kjemi-OL i Tokyo:
Espen Auseth Nielsen (Adolf Øiens vgs.), Ingrid Eidsvaag (Bergen katedralskole), Lars Moen Strømsnes (Fauske vgs.) og Maartje Iris Romijn (Den norske skolen på Gran Canaria)

Fysikk-OL i Zagreb:
Robert Hagala (Bergen katedralskole), Jonas Kjellstadli (Arendal vgs.), Tobias Grøsfjeld (Porsgrunn vgs.), David Kleiven (Skeisvang vgs.) og John Fredrick Berntsen (Heimdal vgs.).

Stimulere interessa for realfag
Norske elevar deltek kvart år i internasjonale olympiadar i fysikk, kjemi og matematikk. Målet er å stimulere skuleelevar med interesse for realfag til å halde fram arbeidet med faga. Det blir lagt stor vekt på verdien av fagleg og sosialt samvær med jamaldrande frå mange land.

Meir informasjon om kjemiolympiaden

Meir informasjon om fysikkolympiaden

Heimesida til Bergen katedralskole

Bjarte Brask Eriksen 30.03.2010 09:38
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart