Utvikling med kvalitet eller tap av særpreg - kan vi velje? Korleis ønskjer vi at våre stader og byar skal utvikle seg – fysisk, estetisk og som lokalsamfunn? Dette vert tema på årets tettstadskonferanse, som finn stad i Odda og Ullensvang 28. og 29. apri
Konferansen tar opp fleire tema:
- Omdømme, identitet og attraktivitet – kor viktig er dette for eit livskraftig lokalsamfunn?
- Korleis kan vi få betre resultat gjennom samarbeid og partnarskap lokalt, regionalt og nasjonalt?
- Korleis oppnå betre kvalitet ved at ulike partar lokalt bidrar litt kvar – både på eigen eigedom og for felles tiltak?
Det vert ein brei presentasjon av ulike prosjekt og eksempel, dei fleste norske.
Målgruppa er politikarar, næringsdrivande, utbyggjarar, kommunale og private planleggarar, arkitektar, landskapsarkitektar, tilsette i kommunane, samt frivillege organisasjonar og andre med interesse for stadutvikling.
Konferansen er regional og er eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune, Odda kommune, Ullensvang herad og Forum for stedsutvikling (Miljøverndepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Husbanken, Riksantikvaren, Statens vegvesen og Norsk Form).
Påmeldingsfrist er 15. april - hugs å vere ute med bestilling i god tid!
Vi ønskjer velkomen til innhaldsrike dagar!
Lenke til elektronisk påmeldingsskjema | Program | Eigen busstransport