
Administrasjonssjef Berit Roksvåg på Opplæringsavdelinga saman med jentene som har vore helsearbeidarar i prøveprosjektet, fire elevar frå Lønborg og to lærlingar frå Bergen kommune.
- Det er fleire ting som ikkje er på plass enno, men målet vårt er å rekruttere fleire ungdomar til fagutdanning som helsearbeidar. Elevane skal ha same læreplanar som i eit ordinært utdanningsløp, seier rektor Helene Systad.
Skulen dekkjer sjølv alle utgifter som er knytte til forprosjektet. Planen er oppstart neste haust. Då vil dei første 12-15 helsefagarbeidarane verte uteksaminerte frå den internasjonale lina våren 2013.

Rektor i samtale med leiinga på Weleso eldrehjem
Nyleg var Helene Systad og administrassjonssjef Berit Roksvåg på Opplæringsavdelinga på vitjing i Zanzibar for å sjå nærare på forholda. - Eg reiste ned for å vurdere prosjektet og kome med tilråding på vegner av Opplæringsdirektøren, fortel Berit Roksvåg. Der møtte ho deltakarane i prøveprosjektet, to lærarar og seks elevar, fire frå Lønborg og to lærlingar frå Bergen kommune, som var på slutten av praksisopphald på øya. Det var Haukeland sjukehus som var innspelaren til ideen om Zanzibar.
- Dei jentene har gjort ein formidabel innsats, og er forskjellen i helsearbeidet, som ligg langt tilbake for det vi er vane med. Vi var òg med på ein konferanse som Haukeland arrangerte for sine afrikanske samarbeidspartnarar. Det kom fram sterke vitnesbyrd frå norsk helsepersonell, og eg vart veldig imponert over arbeidet dei gjer i felten, det vere seg som jordmor i Malawi eller sjukepleiar i Tanzania.

-Vert prosjektet permanent frå neste haust?
- Det veit eg ikkje enno, og det er opp til Opplærings- og helseutvalet. Her er mange ting som må gå i hop, ikkje minst at vi er heilt trygge på tryggleiken til dei som fer dit, seier Berit Roksvåg.