
Anette Tranøy syner fram prototypen på hjelpemiddelet dei har laga på Odda vidaregåande skule. (alle foto: Tormod Valaker).
Alle har dei siste seks månadene vore med og skapt ei imponerande rad med salbare produkt.
Ungt Entreprenørskap har vakse seg stort og stabilt gjennom dei siste åra. – Stao pao og lukka te! ildna Liv Signe Navarsete på skjermbilete. Og det var tettpakka rundt opplæringsdirektør Svein Erik Fjeld då han opna årets fylkesmesse.
– Dette er flott å få vere med på. Her er de med og utviklar nye idear og dristige tankar. Samstundes finst det ein sterk verdi i det sosiale kring prosjekta. Ungt Entreprenørskap er med og fremjar samarbeid og konfliktløysing, kunnskapar som det alltid er nyttig å lære, sa opplæringsdirektøren, som rosa lærarane som er med og støttar det entusiastiske arbeidet elevane gjer.

Gode opplevingar mellom skapande ungdomar for Stord-ordførar Liv Kari Eskeland, opplæringsdirektør Svein Erik Fjeld og regiondirektør i NHO, Tom Knudsen.
– Ungt Entreprenørskap er veldig viktig for oss. Det er jo dette vi skal leve av i framtida, sa regiondirektør i NHO, Tom Knudsen.
Det vrimla med gode idear. Jorway frå Bergen Handelsgymnasium hadde laga paraplyar og ville gjerne ha regn heilt fram til jul. Patrick, Eirik, Daniel med Odin som uløna konsulent, selde klede, "Dressed for success" og lurte på kva solidarisk ansvar var for noko. Her var kalosjar og partyglas og skillingsbollar. Jentene frå Kvinnherad hadde laga oppskrifta til berre 79 kroner på korleis livet artar seg utanfor mammareiret. Resultatet var ei eiga brosjyre med masse praktiske tips for hybelbuarar.

Ei lydhør forsamling under opninga av fylkesmessa for Ungt Entreprenørskap.
Midt oppe i det heile sat Anette Tranøy med oppfinninga som gjer livet lettare på hjul. Ved hjelp av eit ratt vert det mykje lettare å kome seg fram fordi hun kan styre det ho har hekta bakpå rullestolen sjølv. Det nyttar ho til vesker og gymtøy, alt det vi andre kan bere på.
– Elles plar det som heng på armlena ofte å setje seg fast i dørene. No får Anette lett tak i rattet og kan styre sjølv, forklarte Erlend og Torleif. Vi trur dei så gjerne.

Edvard'en sette nasen i sky over ungdomane frå Jorway som gledde seg til regn under Festspel-opninga.