Gullsekken er Den kulturelle skolesekken sin eigen pris. Kvart år sidan prisen vart oppretta har ein eller fleire produksjonar nominert av Hordaland fylkeskommune eller Fylkesmannen i Hordaland kome til finalen.
Stor sjanse
I år har Hordaland 50 % sjanse til å vinne. «Lotus» (kulturarv), produsert av Vestlandske kunstindustrimuseum og «Mirad – guten frå Bosnia» (scenekunst) med Hordaland Teater, produsert av Brageteatret, er begge nominerte i kategorien beste produksjon.
Utdeling av Gullsekken 2010 finn stad i Molde 20. april. To prisar vert delte ut, ein til beste skule og ein til beste produksjon. Kvar av prisane er på kr 100 000 og vert delte ut av Kulturdepartementet og Norsk Tipping.
Om produksjonane
«Lotus»:
Ved karpedammen i Kinasamlinga (Vestlandske kunstindustrimuseum) får ein høyre lotusblomen si historie; filosofisk, botanisk, som kunstobjekt, matvare, medisinplante, religiøst symbol og fredssymbol.
Eit kinesisk eventyr om Lotusfeen vert framført, og deretter er det oppdagingsferd og formidling i utstillinga. Lotusprosjektet er fleirkulturelt, og viser kontrast og likskap mellom norsk og framand kultur.
Elevane lærer bretting av lotusblomen: om origamin og papirkvalitet. Til slutt vert alle inviterte til avsluttingsarrangement på museet og utsetjing av lotusblomane på Lille Lungegårdsvann.
«Lotus» er del av Den kulturelle skolesekken i Bergen.
Les meir om «Lotus»
«Mirad - guten frå Bosnia»
av Ad de Bont, er ei framsyning om ein gut som kjem til Noreg som flykting, og om opplevingane han har frå eit krigsherja land.
Dette er ei gripande historie om guten som skal byrje eit nytt liv i eit framand land samtidig som han leitar etter foreldra sine.
Frå prøvane på Mirad - Brageteatret 09 - Igor Necemer og Line Heie Hallem. (Foto: Nils Mundal.)
I samband med krig stiller ein ofte spørsmålet: kven har skulda? Den nederlandske forfattaren Ad de Bont stiller derimot spørsmålet: Kvifor går menneske til krig mot kvarandre?
Medverkande:
Line Heie Hallem - skodespelar
Igor Necemer - skodespelar
Magnus Dahle Larssen - teknisk ansvarleg
Cathrine Godager - lysdesign
Regi: Trond Birkedal
Med Hordaland teater, produsert av Brageteatret. Framsyninga var på turne med Hordaland fylkeskommune, Den kulturelle skolesekken, hausten 2009, og vart vist for ungdomstrinnet.
Les meir om «Mirad - guten frå Bosnia»
Andre finalistar
Pressemelding om finalistar i Gullsekken 2010 (pdf-fil)
Lenkje til Gullsekken si eige side