Hordaland får tilskot til desse tiltaka:
275 000 kr til vidareføring av sjåførkurs i universell utforming 2010.
2,2 mill kr til oppgradering av haldeplassar mellom Osøyro og Tøsdalskiftet slik at dei oppfyller kravet til universell utforming. Det er også løyvd 600 000 kr til opprustning av bussterminalen på Osøyro.
1,65 mill. kr til informasjonssøyler ved haldeplassar og terminalar i bergensområdet, for å betra ruteinformasjonen til dei reisande.
500 000 kr til oppgradering av haldeplassar på stamlinjene til Bergen sentrum til standarden for universell utforming. Midlane skal nyttast på desse stamlinjene; Bergen sentrum - Åsane, Bergen sentrum - Nattland, Bergen sentrum - Fyllingsdalen (Oasen), Bergen sentrum - Loddefjord. Det vil verta lagt stor vekt på å prioritera område rundt store institusjonar som skular, aldersheimar og kjøpesenter.
For å få statleg tilskott til tilgjengetiltak må det lokalt ytast ein eigendel på minst
25 % av dei totale kostnadane av tiltaka.
Mange søknader
I år fekk Samferdselsdepartementet inn søknader om 90 ulike tiltak for til saman 168 mill. kr om tilskot til tilgjengetiltak innanfor kommunane og fylkeskommunane sine ansvarsområde.
Lenkje
regjeringa.no 57 millioner kroner fordelt til tilgjengelighetstiltak