Gledeleg at vi får byggja Bybanen og Ringveg vest utan stogg

– Med dagens ja frå regjeringa til bompengesøknaden for vidareføring av Bergensprogrammet, vil vi kunna halda fram utbygginga av Bybanen og Ringveg vest utan stogg, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

– Vi kan no gå vidare med desse viktige utbyggingane og vera trygge på at vi vil få rasjonell drift utan unødig opphald. Svært gledeleg, seier fylkesordføraren. – For eg reknar med at Stortinget vil følgja opp innstillinga frå regjeringa, når dei skal behandla saka i løpet av vårsesjonen.
             
Bompengesøknaden for vidareføring av Bergensprogrammet omfattar finansiering av byggjesteg 2 av Bybanen og Ringveg vest, midlar til ei rekkje andre prosjekt (sekkepostar) og Skansentunnelen.

Fylkeskommunen

Kostnaden med dei planlagde investeringane er vel 6,2 milliardar kroner (2009-kr). Av denne summen skal 3,2 milliardar kroner dekkast av Hordaland fylkeskommune og vel 3,0 milliardar kroner med bompengar. Fylkeskommunen skal i perioden 2010-25 løyva 200 mill. kr årleg.

Byggjesteg 2 Bybanen

Til sommaren 2010 vert anleggsarbeida på første etappe av bybanen i Bergen ferdigstilt (Sentrum-Nesttun). Andre etappe frå Nesttun til Rådal, omfattar 3,6 km dobbeltspora bane, skal etter planen stå ferdig i 2012.

Med klarsignal til byggjesteg 2 av Bybanen, vil organisasjonen for bybaneutbygginga kunna oppretthaldast, og vi får nytta oss av deira opparbeidde kompetanse i den vidare utbygginga, trekkjer fylkesordføraren fram.

Ringveg vest

Første etappe av Ringveg vest skal opnast i sommar. Andre etappe frå Sandeide til Liavatnet, omfattar 4 km firefelts veg, hovudsakeleg i tunnel. I tillegg skal det byggjast eit større vegkryss ved Liavatnet.

Kontaktperson:
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg – mob. 915 22 733

Pressemelding frå Samferdselsdepartementet

Stanley Hauge 26.03.2010 12:52
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart