På statsbudsjettet for 2011 må løyvinga til rassikring vera på minst 1 milliard kroner, slik det er lagt opp til i Nasjonal transportplan for 2010-19, krev fylkestinget.
Samanlikna med 2010-løyvinga vil det bety ein auke på 150 mill. kr.
Fråsegna som fylkestinget vedtok samrøystes 10. mars, var sett fram av fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.
Mange ras dei siste dagane
I fråsegna viser fylkestinget til at det dei siste døgna, 9. og 10. mars, har vore ei lang rekkje ras på riksvegar og fylkesvegar i Hordaland, og i nabofylka Rogaland og Sogn og Fjordane. Tysdag 9.3. fekk eit ras på Rv 13 i Ryfylke ein tragisk utgang då ein mann omkom.
I Hordaland har det vore kortare og lengre stengingar både på E16, E39, Rv 7 og fleire fylkesvegar.
bt.no Krev 150 millionar til rassikring
Utrygge
Viktige vegsamband vert stengde og innbyggjarane føler seg utrygge. Dette er ein svært vanskeleg situasjon for trafikantane som skal til og frå skule eller arbeid og for næringslivet sine godstransportar, påpeikar fylkestinget.
Fråsegna:
«Samferdselsdepartement
ved statsråd Magnhild Meltveit Kleppa
Nye rasdøgn på Vestlandet understrekar behovet for auka satsing på rassikring
Hordaland fylkesting vil på det sterkaste oppfordra om at rammene til rassikring i Nasjonal transportplan 2010-19 fullt ut vert følgde opp med løyvingar i statsbudsjettet for 2011 og i åra framover. For 2011-budsjettet, som regjeringa no startar arbeidet med, må det bety at løyvinga vert på minst 1 milliard kroner.
Det har dei siste døgna, 9. og 10. mars, vore ei lang rekkje ras på riksvegar og fylkesvegar i Hordaland, og i nabofylka Rogaland og Sogn og Fjordane. Tysdag 9.3. fekk eit ras på Rv 13 i Ryfylke ein tragisk utgang då ein mann omkom.
I Hordaland har det vore kortare og lengre stengingar både på E16, E39, Rv 7 og fleire fylkesvegar.
Den urovekkjande rassituasjonen er omtalt i fleire media, som vi og håpar har nådd fram heilt til statsråden.
Viktige vegsamband vert stengde og innbyggjarane føler seg utrygge. Dette er ein svært vanskeleg situasjon for trafikantane som skal til og frå skule eller arbeid og for næringslivet sine godstransportar.
Næringstransporten med tunge køyretøy, vogntog og bussar, er omfattande på dei rasutsette vegane. På E16 med teljepunkt Vinje passerer det dagleg over 650 tunge køyretøy. Tilsvarande tal (ÅDT) for E39 Romarheimsdalen er 280 og for E134 ved Seljestad vel 330.
Det er berre tilfeldig at rashendingane ikkje i større grad går ut over liv og helse til dei som ferdast på vegnettet vårt. Denne tilfeldige risikoen for liv og helse kan aldri aksepterast.
Som politiske styresmakter på alle nivå har vi ansvar for å setja oss inn i situasjonen med å ferdast dagleg på eit vegnett med overhengande rasfare. Eller kanskje tilsvarande som foreldre å måtta senda eigne barn av garde med skuleskyss på det same vegnettet.
Ras på riks- og fylkesvegar kostar samfunnet store summar årleg. Nytteverdien av rassikring er stor. Rassikringstiltak for minst 2 milliardar kroner årleg kan forsvarast, viser ein rapport som Møreforsking har utarbeidd for Nasjonal rassikringsgruppe.
I Nasjonal transportplan 2010-2019 vart dei økonomiske rammene for framtidig rassikring fastsett til ein milliard kroner årleg. I statsbudsjettet for 2010 vart det løyvd 850 mill. kr til rassikring fordelt med 350 mill. kr til riksvegane og 500 mill. kr til fylkesvegane.
Hordaland har fleire akutte og prioriterte rassikringsprosjekt på riks- og fylkesvegnettet som vi ser fram til kan realiserast med den planlagde auka satsinga på rassikring. Vi har ikkje råd til at eit einaste av dei vert utsett i tid på grunn av manglande årlege løyvingar i dei komande statsbudsjetta.»