Fleire søkjarar til vidaregåande i Hordaland

18 811 ungdomar søkjer plass ved Hordaland fylkeskommune sine vidaregåande skular skuleåret 2010-11. Dette er ein auke på 437 søkjarar frå 2009. Størst auke er det innan studiespesialiserande utdanningsprogram Vg 1. Den nye Nordahl Grieg videregående skol


Dette viser prognoseinntaket som Hordaland fylkeskommune har klart pr. 19. mars 2009.

Talet på søkjarar med Ungdomsrett frå Hordaland er 17 865.

Talet på tilgjengelege elevplassar komande skuleår er på 18 349 som er ca. 40 fleire enn i år. Som vanleg vil det måtte gjerast ein del justeringar i tilbodsstrukturen og talet på elevplassar fram til skulestart.

Auke for studiespesialiserande Vg1, elles stabilt

Til Studiespesialiserande utdanningsprogram Vg1 er det 2 599 søkjarar, 323 fleire i fjor. Auken er størst i Bergen og særleg i Bergen sør.

Søkjartala viser elles lita endring mellom utdanningsprogramma samanlikna med 2009. Det gjeld både dei andre utdanningsprogramma på Vg1 og til Vg2- og Vg3-kursa.

Til helse- og sosialfag Vg1 er det ein auke i søkjartalet på 82 til 736.

Utdanningsprogramma Bygg- og anleggsteknikk og Restaurant- og matfag som dei siste åra har hatt stor nedgang i søkjartalet, viser i år ein liten oppgang. Det er framleis litt nedgang for Service og samferdsel og formgjevingsfag. Litt nedgang er det også for musikk/dans/drama.

Nordahl Grieg videregående

Oppstart av Nordahl Grieg videregående skole har generert fleire søkjarar totalt i Bergen til dei utdanningsprogramma som skulen tilbyr, men særleg innanfor Vg1 Studiespesialiserande utdanningsprogram. Sjølv om dei andre skulane i området har fått lågare primærsøkjartal vil det vere aktuelt å auka elevtalet ved ein eller to skular for å sikra eit tilbod i nærområde til flest mogleg søkjarar.

Nedre inntaksgrense ved Nordahl Grieg vgs. vil, på grunn av det store talet på elevplassar, ikkje bli særleg høgare enn ved mange andre skular.  Opplæringsdirektøren meiner at dette er positivt fordi det ville vore uheldig å få ein ”eliteskule” i området der skulane elles har høg status blant søkjarane.

Fleire søkjarar og fleire plassar totalt ved dei utdanningsprogramma som Nordahl Grieg vgs. tilbyr, fører ikkje til vesentleg nedgang i dei poengsummane ein må ha for å kome inn ved dei andre skulane. Auka søkjartal generelt gjer såleis at elevgrunnlaget ved dei andre skulane vil vere tilnærma det same som tidlegare år, både i elevtal og nedre poenggrenser.

Mindre «nybygg-effekt» andre stader

Søkjartalet til den nye Osterøy vidaregåande skule, som vert teken i bruk til hausten, har auka – men kanskje ikkje så mykje som mange hadde vona. Mellom anna har søkjartalet til Vg1 Studiespesialiserande utdanningsprogram berre auka marginalt, og er framleis eit godt stykke unna ein full klasse.

Skular som Austevoll vgs. og Kvinnherad vgs., som skal ta i bruk nye store tilbygg, har heller ikkje fått fleire søkjarar sjølv med nye moderniserte lokale og påbygg.

Minoritetsspråklege

Det har meldt seg mange søkjarar til innføringsklassane for minoritetsspråklege elevar i Sunnhordland. Truleg vil ein måtte opprette fleire klassar i området, og både Stord og Kvinnherad vil bli vurderte for denne typen tilbod. Også i bergensområdet er det mange søkjarar til innføringsklassane, men her er det truleg ikkje behov for å auke elevtalet.

Største skular

Dei fem største skulane i Hordaland har slike søkjartal:

Knarvik vidaregåande skule: 1199 søkjarar           977 plassar
Sotra vidaregåande skule: 1027 søkjarar              955 plassar
Stord vidaregåande skule:   998 søkjarar              965 plassar
Årstad videregående skole:   905 søkjarar            1053 plassar
Laksevåg videregående skole   823 søkjarar         716 plassar

Søkjartal og elevtal er totaltal for alle utdanningsprogram og alle årssteg. Det vil såleis vere utdanningsprogram og programområde (kurs) der langt frå alle primærsøkjarar får plass sjølv om totaltalet for skulen har godt samsvar mellom elevplassar og søkjarar.

Nedgang for «tunge» tilbod

Søknaden til det første året i 2-årig komprimert Studiespesialisering ved Bergen Handelsgymnasium går ned, og det er også mange elevar som har slutta, eller seier dei vil gå over til ordinært treårig løp, av dei elevane som vart tekne inn til første året komprimert løp hausten 2009.

Det er færre søkjarar til TAF-tilboda enn tidlegare og også til «Teknologilinja» ved Sotra vidaregåande skule.

Meir informasjon

Prognoseinntaket 2010-Hordaland (pdf-fil)

Elevplassar-søkjartal-Hordaland2010 (pdf-fil)

Kontaktperson:

Inntaksleiar Nils Skavhellen - 55 23 94 60

Stanley Hauge 19.03.2010 13:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart