Dei gode døma – for betre digital skule

Konferansen «Dei gode døma» – eit viktig tiltak i Hordaland fylkeskommune si satsing på den digitale skulen – vert arrangert på Clarion Hotel Flesland 8.-9. april 2010. Påmeldingsfristen er 12. mars.


I år vert Dei gode døma arrangert for tredje gong. – Vi såg eit vakuum og skipa eit forum for praksis og døme. Frå starten hadde vi ikkje planlagt at det skulle balla på seg slik det har gjort, men no er konferansen begynt å leve sitt eige liv. Det er ikkje noka happening vi skal ha på Clarion på Flesland, men eit konkret tilbod, sier June Breivik, leiar for den digitale skulen og primus motor også for årets utgåve av Dei gode døma.

Det er eit ambisiøst program som er stelt i stand og som ligg ute på www.deigodedoma.no. Til konferansen kjem det rundt rekna 50 foredragshaldarar 8. og 9. april.

46 foredrag

- Vi skal ha ni parallelle sesjonar x fem. Det blir 45 foredrag og eitt til å ause av. Heldigvis er det masse hjelp å hente på Opplæringsavdelinga og frå e-pedagogane, elles hadde det ikkje gått rundt. Vi har også eit profesjonelt konferansebyrå som tek seg av logistikken, fortel June Breivik.

Også frå næringslivet er det mange som er trekte inn i aviklinga. ATEA, IT-leverandøren, er med, og det same er Umoe –IKT, som skal stå for smartboardløysingane.

- Korleis finn du fram til det hopehavet av innleiarar som står i programmet?
- Gjennom gode nettverk. Vi er mykje rundt omkring, både i inn- og utland og har eit virtuelt nettverk. Vi har gode kontaktar ute på skulane, og dei hjelper oss å finne fram.

Opplæringsavdelinga og June Breivik byr på 50 spennande foredrag på årets utgåve av Dei gode døma

Gode tilbakemeldingar

- Kva er no stoda med dei berbare pc-ane?
- God. Alle elevar har per i dag, og den breie undersøkjinga vi hadde for eit år sidan, synte at det var ei positiv stemning blant elevar og lærarar. Sju av ti elevar seier at dei nyttar pc-en til skulearbeidet kvar dag. Lærarane seier at bruk av IKT er motiverande i arbeidet deira. 92 prosent rapporterte at dei har fått ei eller anna form for opplæring dei siste åra. Spørsmålet er ikkje meir om berbare pc-ar eller ikkje, men korleis. Det må ikkje tolkast som om vi er i mål, for det er vi ikkje, slår ho fast.

- Finst det målbare resultat av konferansane?
- For tre år sidan var Voss gymnas og høyrde på eit foredrag om Matematikk-undervisning i ei kritlaus tid. I år kjem Ove Mjelde og skal halde foredrag om ”Matematikk utan papir og blyant”. Det blir ei spennande sak blant mange andre, fortel ei spent June Breivik.

Lenkjer

Meir om konferansen

Tekst og foto: Tormod Valaker 03.03.2010 08:22
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart