Desperat forsøk
– Vårt lokale vintervêr har som kjent vore uvanleg kaldt og fint, men med lokal ureining som problem. I eit desperat forsøk på å lette på problemet har vi vist handlekraft gjennom lokale tiltak som sambruksfelt, parkerings-restriksjonar, ekspress- og gratis bussar, og ikkje minst datokøyring. Som kriseøving og som samarbeid mellom kommune, fylkeskommune og berørte etatar har krisetiltaka vore vellukka og nyttige. Men om tiltaka har vore riktige, er meir diskutabelt.
Meir kompliserte enn berre biltrafikken
Fylkesrådmannen sa at det personlege inntrykket hans etter krisetiltaka i vinter, er at også den lokale luftureininga har fleire og meir kompliserte faktorar enn berre biltrafikken.
– For det første har vi skjønt at dieselkøyretøy, som skulle vere miljøvennlege i CO2-samanheng og dermed klimagunstige, slett ikkje er så gunstige i høve lokal ureining der nitrogenoksyd er problemet. For det andre har vi truleg totalt undervurdert ureining frå skip i hamneområdet. Den andre undervurderinga eller glemselen gjeld det enkle faktum at det framleis blir fyrt med olje i og rundt Bergen sentrum. Den private biltrafikken blir etter meininga mi truleg i for stor grad gjort til syndebukk for vår lokale ureining.
Svak politisk vilje og for stort og komplisert problem
Fylkesrådmannen håpar likevel ikkje at interessa for våre lokale problem skal lide same lagnad som klimainteressa; at vi lar vere å gjere det vi kan fordi problemet er for stort og komplisert og den politiske viljen for svak.
Kollektivtilbodet er største utfordringa
– Ein ting er eg i alle fall heilt sikker på, nemleg at vi neste vinter ikkje kan halde fram med tiltak som i vinter. Den største utfordringa vår er at kollektivtilbodet ikkje er så godt og moderne som det bør vere og at kollektivtrafikken blir utkonkurrert av bilen som framkomstmiddel når det gjeld både tid og komfort. Dei direkte kostnader ved å køyre bil er heller ikkje avskrekkande. Dersom konkurranseflaten skal endrast vesentleg i favør av kollektivtrafikken, må det ein grunnleggjande haldningsendring til. Bilen som transportmiddel kan ikkje lenger leggje premissane for utviklinga av byen. Det må vere byen som set premissane for bruk av bil. Eg er sjølvsagt klar over, fylkesordførar, at eg her set ting litt på spissen, men det må kome ei sterkare prioritering av varige tiltak, slik at såkalla krisetiltak ikkje blir nødvendige, sa fylkesrådmann Paul M. Nilsen i talen under opninga av Hordaland fylkesting tysdag 9. mars.
Les heile talen til fylkesrådmannen under opninga av Hordaland fylkesting tysdag 9. mars 2010
Les talen til fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg under opninga av Hordaland fylkesting tysdag 9. mars 2010
"Bilen fikk for mye skyld" (Oppslag i BA 9. mars 2010)