Behov for krafttak innan samferdsel

– Det heilt opplagt at det trengst ein kraftig auke i løyvingane til samferdsel i Hordaland, slik det er lagt til grunn i Nasjonal Transportplan (NTP). Eg reknar med at regjeringa vil stå ved den satsinga det er lagt opp til, også når dei til helga har st


Kraftig auke
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg sa at vidare utbygging av E39 Kyststamvegen må ha høgaste prioritet.Fylkesordføraren viste til at Regjeringa har varsla og lova ein kraftig auke i løyvingane til  samferdsel i den komande tiårsperioden.
– Eitt av regjeringa sine mest konkrete og ambisiøse valløfte var 100 milliardar kroner meir til samferdsel. NHO hevdar no at alt første året i den nye planperioden ligg regjeringa eit par milliardar kroner under løfta i Nasjonal transportplan.

Kyststamvegen
Då fylkesordføraren hadde transport- og kommunikasjonskomiteen i Stortinget med på synfaring i Hordaland tre dagar i slutten av februar, påpeika ho at ei vidare utbygging av E39 Kyststamvegen må ha høgaste prioritet.

– Nærast føreståande er å kome i gang med utbygging av strekninga Svegatjørn-Rådal med nytt kryss i Rådal. Dette prosjektet er svært viktig for utvikling av E39 langs heile vestlandskysten. Det vil gje ein stor tidsgevinst og langt betre regularitet og framkomst.  Det vil også gje betre tilkomst til Flesland flyplass og næringsområda utover mot flyplassen.

Vidare utbygging av Bybanen
Fylkesordføraren understreka at Bybanen skal byggjast vidare frå Nesttun til Rådal og vidare til flyplassen.
– For den vidare utbygginga av bybana i Bergen, understreka eg overfor komiteen at det er nødvendig å få vedtak om bompengesøknaden i vårsesjonen i år. Og for byggjetrinn 3 Rådal-Flesland og seinare utbygging til andre bydelar, er statleg medfinansiering heilt avgjerande. Derfor er dette lagt inn som ein viktig føresetnad i søknaden om belønningsmidlar, der eg bad statsråd Meltveit Kleppa, då ho vitja Bergen for nokre veker sidan, om at Hordaland fylkeskommune må få koma i forhandlingsposisjon i høve belønningsmidlane.

Modernisering av Bergensbana
Fylkesordføraren krev større satsing på Bergensbana både med utbetring av linja og nytt materiell.
– Eg understreka overfor Samferdselskomiteen at det er stort behov for jernbanesatsing også på Vestlandet. Tida for modernisering av Bergensbana er overmoden. Utbygging og utbetring av jernbanelinja og nytt materiell som kan få reisetida ned i 4,5 timar mellom Bergen og Oslo, må prioriterast sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg mellom anna i talen.

Heile talen til fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg under opninga av Hordaland fylkesting tysdag 9. mars 2010

Talen til fylkesrådmann Paul M. Nilsen under opninga av Hordaland fylkesting tysdag 9. mars 2010

Bjarte Brask Eriksen 09.03.2010 11:50
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart