
– Vi vil ha fleire tre å stå på. Difor tek vi 20. september opp 12 elevar på nyskapinga Arboristutdanning, fortel avdelingsleiar for Grøn kompetanse – fagskule på Hjeltnes, Andrid Solaas Innset.
- ?
- Spesialistar på tre, svarar ho.
Egil Solfjeld frå Norsk Trepleieforum, rådgjevar Hanna Gjesdal, Opplæringsavdelinga og avdelingsleiar for Grøn kompetanse Andrid Solaas Innset har arbeidd godt for å få til arboristutdanninga på Hjeltnes gartnarskule.
– Vi skal lære elevane klatreteknikk, trebiologi og – økologi, vekstfaktorar, planting og trepleie, tilstandsvurdering og mykje anna. Vi legg opp til vekesamlingar, kombinert med praksis i bedrift og noko nettbasert undervisning.
- Kven er utdanninga retta mot?
- Folk med fullført utdannning som anleggsgartnar, gartnar, agronom og fleire beslekta utdanningar, fortel avdelingsleiaren.
Fekk avslag først
Hordaland fagskulestyre har vore aktivt med i planlegginga.
– Vi har tru på dette, og utdanninga er eit resultat av at næringa spør etter denne kompetansen. Vi er først ute her til lands, og klassane har nasjonal interesse, seier rådgjevar Hanna Gjesdal.
Statens vegvesen eig og forvaltar til dømes store område med tre langs vegane våre, og årleg plantar vi ut mange nye tre.
- Dei treng vedlikehald og ettersyn av fagfolk. Tilbodet er utvikla i nært samband med fagmiljøet, Norsk Trepleieforum Vest. Først søkte vi om lærefag i trepleie og fikk avslag. Det er det beste avslaget vi nokosinne har fått. I staden blei vi oppfordra til etablere trepleie som fagskuleutdanning. Det er det som no har skjedd, fortel ei smørblid rådgjevar på Opplæringsavdelinga.
Ho vert bakka opp av Roald Steinseide, leiar i Hordaland fagskulestyre.
- Heile grøntnæringa i Noreg, og alle som spør etter denne kompetansen, vil nyte godt av dette tilbodet, seier han.
Lenkjer
Meir om fagskuleutdanninga
Søknadsfrist 15. april