Vil utvikle Bergen til historisk hamn

Både Beffen og slepebåten Vulcanus får støtte frå Kultur- og ressursutvalet i Hordaland som ønskjer å utvikle hamna i Bergen til ei historisk hamn. Vulcanus slepte englandsbåtane Leda, Venus og Jupiter, mens Beffen har trafikkert Vågen sidan 1894.

Vulcanus som slepte englandsbåtane Leda, Venus og Jupiter på Bergen hamn skal takast vare på og har fått støtte frå Kultur- og ressursutvalet i Hordaland.
Vulcanus som slepte englandsbåtane Leda, Venus og Jupiter på Bergen hamn skal takast vare på og har fått støtte frå Kultur- og ressursutvalet i Hordaland.

Totalt 733.000 kroner fordeler utvalet til 11 av 12 båtar.

Ein del av hamnemiljøet 
Slepebåten Vulcanus vart bygd i 1959 og tilhøyrde Det Bergenske Dampskipsselskap (BDS). Båten er godt vedlikehalden, og alle vesentlege delar er i god stand. Fartøyet sin verdi vert styrka av at det enno er ein del av hamnemiljøet i Bergen. Tilskotet kan sjåast på som ein del av det samla arbeidet knytta til utvikling av ei historisk hamn i Bergen.

Gamle travarar
Beffen har frakta over 40 millionar passasjerar over Vågen sidan starten for over 100 år sidan og er eit flytande kulturminne med høg kulturminneverdi.
Elles går pengane mellom anna til gamle travarar som DS Oster, DS Stord 1, MS Midthordland og MF Granvin. Den første bilferja som er verna av Riksantikvaren, MF Skånevik, for og støtte.

Slik er fordelinga:
1. DS Oster 50.000
2. Slepebåten Vulcanus 200.000
3. MF Skånevik 50.000
4. MS Axel 70.000
5. MS Vestgar 50.000
6. DS Stord 1 63.000
7. MK Terje 20.000
8. Oline 20.000
9. MS Midthordland 50.000
10. Beffen 50.000
11. MF Granvin 110.000
12. Halsnøybåten avslag

Meir om dei ulike båtane

Fleire vedtak frå møtet i Kultur- og ressursutvalet

Bjarte Brask Eriksen 05.05.2010 15:47
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart