Vestlandsrådet har ved fleire høve har teke opp spørsmålet om finansiering av fagskulane.
Maritim sektor
Det er særleg fagskoletilboda innanfor maritim og offshoreretta sektor som opptek Vestlandsrådet. Områda vil ha redusert aktivitet dei første åra, men det er likevel særs viktig å behalde kompetent arbeidskraft. Særleg innanfor maritime næringar er det grunnleggande viktig å vedlikehalde og utvikle vidare kompetent arbeidskraft. Fagskolane kan gje ledige arbeidstakarar naudsynt etter- og vidareutdanning.
Vestlandsrådet ber Regjeringa finna ein god fordelingsnøkkel som tek omsyn til aktivitetane på fagskolane. Denne bør innførast frå og med 2011. Slik vil skulane kunna oppretthalda det gode partnarskapet dei har bygd opp med det regionale næringslivet gjennom fleire år .
Krav til fagkompetanse
Vestlandet har ein næringslivsprofil som set krav til fagretta og sertifisert kompetanse. Skal vi følgje opp det arbeidet som er starta, er det derfor særs viktig å sette fylkeskommunane i stand til å oppretthalde og vidareutvikle fagskoletilbodet på Vestlandet, skriv Vestlandsrådet.
Det er Olav Bratland, leiar i Vestlandsrådet og fylkesordførar i Møre og Romsdal, som har underteikn brevet til Kunnskapsdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet på vegne av dei fire vestlandsfylka.
Kontaktperson: Leiar i Vestlandsrådet, Olav Bratland, tlf 91 38 57 76
Sekretariatsleiar Trond Ueland, tlf 91 33 74 10