Tettstadkonferanse med variert program og kunstnarleg vri

Årets tettstadkonferanse var lagt til Odda og Ullensvang i Hardanger med innleiarar både frå inn- og utland. Konferansen vart arrangert i samarbeid med begge kommunane, samt det nasjonale Forum for stedsutvikling. Deltakinga var rekordstor og motbeviste p

Litteratur synleggjer det usynlege

Men så var det også eit spanande program med mellom anna forfattaren Marit Eikemo sin litterære inngang i boka Samtidsruinar, der Smelteverket i Odda står sentralt.  Mange vart vel også lokka av Bikubegongen i Odda med Frode Grytten som cicerone. Årets tettstadkonferanse sto derfor på mange måtar i  kunstens teikn. Noko av bodskapen i konferansen var dette:  Ein stad er ikkje ein stad før den er kunstnarleg omhandla.  Det usynlege vert synleg gjennom at vi fortel om det. Hardanger er frå før vidan kjend, no er Odda i den litterære spotlighten,  der staden vert nytolka  gjennom  litteratur.

Marit Eikemo. Foto: Liv SundheimFolk er viktigaste ressurs!

Kulturminne og kulturmiljø som ressurs var ein gjennomgangstråd i arrangementet. Men Marit Eikemo (biletet) slo innleiingsvis  kategorisk fast at folk er Odda sin viktigaste ressurs! Dei over 160 deltakarane fekk mange vitnemål om at dette er eit avgjerande element i stadutvikling.

Dette var også skildra på fascinerande måte då Frode Grytten ved avslutninga av dag 1 tok deltakarane med på Bikubegang.

(Foto: Liv Sundheim) 


Biblioteket i Odda

Frode Grytten på Bikubegang. Foto: Eirik Aarseth- Her vaks eg opp,  sa Frode Grytten (biletet) og peika på biblioteket i rådhuset. Historia til biblioteket var første stopp i  vandringa  i tettstaden.

Ikkje lite takksemd gjekk til den målmedvitne bibliotekar Dordi  som brukte alle høve til å fortelja at ”Det er viktig med eit godt bibliotek!” (masing) og fekk truverdige menn  frå andre tettstader til å sei det same (list) og til slutt fekk den mannsdominerte byggjekomiteen  i Odda overtydd.

Slik blei biblioteket i Odda ein del av det moderne Odda si historie.

 (Foto: Erik Aarsand)

 

Ein industrikatedral

Om kvelden var eit langbord i  turbinhallen i Tyssedal  oppdekt til 130 gjester  og i seg sjølv eit spektakulært syn  med kandelabrar og kvite tøydukar.  Å bli tatt i mot  med Geirr Tveit sine tonar "Ve no velkomne  med æra" i slik omgjevnader kan framkalla sterke kjensler.  For mange vart også framføringa av den klassiske En kirkearie i eit bygg som på mange måtar minner om ein katedral ei sterk oppleving og ein hyllest til industrialiseringa si betydning for Norge og dei kulturminna den har gitt oss i arv.

Middag i turbinhallen, Tyssedal (Foto: Erik Aarsand)
Middag i turbinhallen, Tyssedal (Foto: Erik Aarsand)

Unge talent  i kø

Hardanger har mykje å by på og å sjå fram til når det gjeld kultur.  Musikkskulen i Odda opna konferansen med ein flott nyskriven trompetfanfare (biletet under til høgre). Ikkje mindre imponerande var pianotalentet Mikael Hovda Moe som trakterte flygelet.

Maria Digranes og Magnhild Tømmernes. Foto: Erik Aarsand

I Turbinhallen song
Maria Digranes og Magnhild Tømmernes spela piano (biletet til venstre).

(Maria D vart "bortført" av Dronning Sonja på utanlandsferd etter at ho hadde høyrt henne synge nettopp i Turbinhallen v/eit liknande arrangement!).

Til Ullensvang kom meisterspelemannen Knut Hamre med to unge feletalent som viser at tradisjonane lever vidare i Hardanger.  

(Foto: Erik Aarsand)

 

Eit gjestfritt Hardanger

Knut Hamre med to unge feletalent. Foto: Erik AarsandFor dei som  også ville smaka på dei lokale produkta heldt mikrobryggeriet i Lofthus ope for omvisning og smaksprøvar av kvitt øl, raudt øl eller bitter harding.  Den siste varianten fall i smak, men er truleg lite framherskande  i området skal ein døma etter den gjestfrie mottakinga i Hardanger.

Ordføraren i Ullensvang  kvitterte med å invitera alle til Hardanger Musikkfestival i pinsehelga, Ulvik ville ha oss med på Hardinglokk  og kanskje mest nyskapande; ordføraren i Odda ville ha oss med på 1. mai-feiring i Odda. Det sette verkeleg fantasien i sving når det gjeld Odda si framtid.

Eit variert program

- Målet er å utvikle eit nettverk av robuste, attraktive og trivelege kommune- og regionsentra i Hordaland,  sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg då ho opna konferansen.  - Lokal kvalitet og eigenart er viktig for folks identitet og kjensle av å høyre til, men det er også eit konkurransefortrinn i høve til handel, reiseliv, og det å trekkje til seg nye innbyggjarar.

Den danske forfattaren og sosiologen Henrik Dahl sette tonen for konferansen gjennom å påpeika at ein stad ikkje er ein stad før ein kunstnar har omtalt den eller malt den.  I så måte er Odda eit godt eksempel,  for her bidrar både forfattarar, Litteratursymposiet og andre kulturaktivitetar til stadutvikling på ein framifrå måte.

Ordførar Gard Folkvord i Odda

Smelteverkstomta

Også den pågåande diskusjonen om framtida til Smelteverkstomta midt i byen var eit interessant bakteppe. Kommunen og investorar presenterte sine planar for utvikling av Odda sentrum. Det er ikkje lite som er på gang. Det viste både ordførar Gard Folkvord  (biletet) i si innleiing og styreleiar i SNU (investeringsselskapet)  Karstein Bremnes.

Ekspert på senterutvikling, Odd Midtskog, advarte mot dei betydelege negative verknadane som er påvist at utbygging av kjøpesenter kan ha for resten av sentrum. (Foto: Erik Aarsand)

Fleire analyser er gjennomført i Odda dei siste åra, m.a. ein DIVE-analyse; eit dykk ned i historia for å finne ut korleis kulturminner kan brukast aktivt i stadutvikling. Denne vart til i samarbeid mellom 11 ulike aktørar.

Stadidentitet og lokal forankring

Den tidlegare Lillehammer-ordføraren og OL-promotøren Arild Bakken  auste av sin kunnskap om korleis forankra, mobilisera og halda ein open dialog om å drive stadutvikling lokalt - ikkje minst gjennom media. Frå Skien fekk vi sjå korleis ein kan omgjera ei rekkje triste bakgårdar til trivelege stadar for opphald - og sydande kulturarenaer.

Guri Mette Vestby, sosiolog og forskar frå NIBR, tok for seg temaet ”Attraktivitet og stadidentitet”, og viste mellom anna skilnaden mellom kjenslemessig tilknytning og funksjonell eller praktisk tilknytning til ein stad.

Roy-Eddy Lie, investor frå Sotra, fortalte om sitt framtidsprosjekt ”Kystbyen” på Bildøy, og fekk applaus for både dette og Eigedomsprisen 2010 for Hansaparken i Bergen.

Hordaland fylkeskommune må følgje opp

Fylkespolitikar Helge André Njåstad peika på fylkeskommunen som regional utviklingsaktør, og at no er mange tettstadsprosjekt rundt i kommunane komne så langt i planleggingsfasen at dersom ein ønskjer synlege resultat, må fylkeskommunen gradvis auke tilskota til gjennomføring av fysiske prosjekt, slik at dei kan bli til glede for innbyggjarane. - Vi kan ikkje vere dårlegare enn våre nabofylke Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, meinte han.

Deltakarane flokkar seg rundt velsmakande fingermat i Odda sin elegante kinofoaje. (Foto: Liv Sundheim)
Deltakarane flokkar seg rundt velsmakande fingermat i Odda sin elegante kinofoaje. (Foto: Liv Sundheim) 

Oppsummering

Konferansen kan oppsummerast med følgjande bodskap: for å lukkast med  by- og tettstadutvikling treng ein ei solid politisk forankring, ei mobilisering av lokale ressursar og personar, godt samarbeid mellom kommunen og regionale instansar, samt både kommunal, privat og regional finansiering for å få gjennomført fysiske, synlege prosjekt. Ved godt samarbeid lokalt og regionalt kan ein skape positive synergieffektar – vi får ei breiare satsing og større eigarskap når mange er med!

Sjå oppslag i Hardanger Folkeblad 30. april 2010

Sjå innlegga på konferansen

1. maifest i Odda 2040 - eit framtidsbilete inspirert av Tettstadkonferansen 2010

 

Kari Øvsthus/Marit Rødseth/Liv Sundheim 07.05.2010 12:42
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart