TIP-elevar søkjer læreplass

TIP-elevane ved Knarvik vidaregåande skule håpar ordretørken i industrien ikkje får konsekvensar når dei i desse dagar går ut og søkjer læreplass. 24 VG2-elevar ved skulen med fordjuping i CNC eller sveis er no på leit etter ein industriarbeidsplass som k

Jannicke Ness, Elin Holmefjord og Kamilla Bjørnsen har fått opplæring på avansert CNC-utstyr i samsvar ved det som er i dagleg bruk i industrien i Nordhordland. No søkjer dei læreplass.
Jannicke Ness, Elin Holmefjord og Kamilla Bjørnsen har fått opplæring på avansert CNC-utstyr i samsvar ved det som er i dagleg bruk i industrien i Nordhordland. No søkjer dei læreplass. (Foto: Liv Strømme)

Yrkesfaga har fått ny status siste åra. Fag som for få år sidan sleit med rekrutteringa kan no skryta av å ha eit av dei høgaste karaktersnitta for opptak ved vidaregåande skular. Ved Knarvik vidaregåande er søknaden til Teknikk og industriell produksjon (TIP) for hausten 2010 nesten like stor som til allmennfag. Elevane ved dei yrkesfaglege studieretning utgjer no kring halvparten av dei nærare 1.000 elevane ved skulen, fortel rektor Inge Alver og avdelingsleiar Rune Nesse.

Praktisk erfaring
Innføringa av Kunnskapsløftet medfører at TIP-elevane no får praktisk opplæring ute i bedrift seks til ni timar i veka gjennom to skuleår. Spesialisering i CNC (Computer Numerical Control) eller sveis står øverst på dagsorden hos VG2-elevane ved Knarvik vidaregåande.

- Elevane får læra verksemdene og arbeidslivet å kjenna. Samstundes får dei høve til å marknadsføra seg ovanfor aktuelle arbeidsgjevarar, seier Nesse.

Skuffa elevar
Erfaring frå bedrift og grunnleggjande opplæring på topp moderne produksjonsutstyr hjelper tydelegvis lite no når ordrebøkene til industrien nærast er tomme.

VG2-elevane Jannicke Ness, Elin Holmefjord og Kamilla Bjørnsen er skuffa over at så få av dei 29 elevane på TIP-linja ved skulen hittil har fått tilbod om læreplass. Dei tre CNC-jentene har opplæring på noko av det mest moderne produksjonsutstyret som den lokale industrien nyttar, og kan godt tenkja seg ei framtid i ei produksjonsverksemd.

Langsiktig rekrutteringsarbeid
- Lokale industriverksemder har tradisjon for aktiv rekruttering og opplæring av lærlingar. Vi håpar dei ser betydninga av kontinuitet i det langsiktig rekrutteringsarbeid også i tider som desse, seier Alver.

Inntak av lærlingar stiller krav til verksemda. Gode tilskotsordningar bidreg likevel til å gjera denne forma for grunnleggjande rekrutteringsverksemd lønsam på litt lengre sikt, argumenterer rektor.

- Om VG2-elevane står utan læreplass til hausten, og dei istaden vel å dra andre stadar for å få seg jobb, kan dei vera tapt for industrien for alltid, fryktar Nesse.

13 millionar i investeringsmidlar til TIP-fag

Liv Strømme 20.05.2010 15:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart